politi_350x234

Angreip russen "sause full"

Ein 23-årig mann frå Surnadal er dømt til å betale ei bot på 9500 kroner, etter mellom anna å ha gått til angrep på fleire russ etter ein fuktig kveld på Vårsøg Hotell.

23-åringen skal ifølgje domsavseiinga i Nordmøre tingrett ha utøvd vold og forstyrra den alminnelege fred og orden 1.mai i år, melder adressa.no. Mannen hadde drukke «8-10 øl, ein halvliter heimebrent, og blei skikkeleg sausa full» som han sjølv har forklart i politiavhør.

Fleire russ var samla både utanfor og inne på hotellet i Surnadal 1.mai. Tiltalte prøvde å menge seg med russen, og sette seg inn i ein russebil som var parkert ved hotellet. Russen ba 23-åringen om å fjerne seg, noko som enda med knuffing og at tiltalte både skal ha sparka ein russ over tinningen slik at han ramla på bakken og at ein annan russ fekk eit spark over brystet.

Dette siste skal ifølgje Adresseavisen tiltalte ha erkjent, delvis, under politiavhør 10.juni da han sa at han hadde «fika til eit kvinnfolk». Han såg heller ikkje bort frå at han kunne ha sparka ho.

23-åringen rakk også å hamne i klammeri med ytterlegare ein person, før han vart henta inn til tørk av politiet.