Else-May Botten (t

Ap-landsmøte med stor optimisme

Oslo (Trollheimsporten): Surnadalingen Lilly Gunn Nyheim (t.h.) er saman med Toril Melheim Strand frå Nesset og Else-May Botten frå Halsa/Molde blant lokale politikarar som i helga er samla på Ap-landsmøte i Oslo. Der har dei hatt fleire diskusjonar med statsminister Jens Stoltenberg, på eit landsmøte prega av stor optimisme og medgang på meiningsmålingane.

Lilly Gunn Nyheim er fylkestingutsending på Ap-landsmøtet, medan leiar av Surnadal Ap, Lilli Husby, er delegat og heldt innnlegg torsdag der ho ba regjeringa bruke reservasjonsretten mot EU sitt tredje postdirektiv.

Les meir om Lilli Husby sitt landsmøteinnlegg her.  

Det var både før og under landsmøtet stor stemning for å seie nei til postdirektivet, og forslaget vart vedteke med 181 av totalt 295 stemmer.

  • EU vedtok det tredje postdirektivet 27. februar 2008.
  • Direktivet trådte i kraft 1. januar 2011, men 11 EU-land har fått utsett implementeringa til 2013.
  • Direktivet opnar for fri konkurranse for ombering av brev under 50 gram og kan opne for å endre den noverande ordninga med lik porto over heile landet.
  • Kritikarane fryktar dyrare og sjeldnare postlevering i distrikta samt dårlegere arbeidsvilkår for postbuda, dersom direktivet blir innført.
  • Regjeringa vil truleg ta stilling til postdirektivet i løpet av 2011. (Faktakjelde: Aftenposten) 
  • - Eit svært positivt landsmøte med gode debattar. Det er artig å vere med på å forme politikken i landets største parti, seier Husby til Trollheimsporten.

    Ap sitt landsmøte kan også følgast på Facebook.