skoleval 2019

AP vinnar av skolevalet på Surnadal vgs

Med heile 45,8 % av stemmane er Arbeiderpartiet vinnaren av skolevalet på Surnadal vidaregåande skole.​ AP har eit framsteg på 15,7 % samanlikna med kommunestyre- og fylkestingvalet i 2015. 

Bildet: Hanna Svinvik (f.v), Ole Gjøra, Jens Olav Edvardsson Moe, Brit Vetleseter Heggem, Kirsten With Aasgård og Elisa Melkild som passar på at alt går riktig for seg når Aron Telstad Sollid skal levere sin stemme. (Foto: Surnadal vgs.)
 

Størst tilbakesteg har Miljøpartiet De Grønne med - 8,3 %. 

Skolen hadde ei valdeltaking på 88,3 %, noko som er ein oppgang på 5,1 % samanlikna med valet i 2015. 

Skolevalet vart organisert av elevane som har politikk og menneskerettar som programfag på vg3. 

Resultata frå skolevalet kan du sjå på Surnadal vgs. si heimeside.