Fredag
Fredag Regn
Regn
Flau vind
Lørdag
Lørdag Regn
10°
Regn
Svak vind
Picasa

Åpen gard på Rindalsgjera

Denne søndagen inviterte Rindal Bondelag til Åpen Gard på Rindalsgjera hos Brit Bakken og Ola Stokke. Det viste seg at det var eit populært tiltak i det fine veret. Rundt 150 store og små var innom tunet.


Det var folksamt på tunet på Rindalsgjera i dag. Mange sat lenge og kosa seg med kaffe og kaker eller grillmat, og det var mange som hadde mykje å snakke saman om.


Denne kalven var fødd tidlegare på dagen og var ikkje tørr enda, men fekk høre kor søt den var. Like ved låg ein som var fødd i går. Mora fekk også besøk, men dei tykte det var ekkelt å sjå etterburden (gretlene).


Inne i fjøset kunne vi sjå inntransporteringa av for som var laga etter ein idé frå ein bonde på Ørlandet. Transportbandet som er plassert oppunder taket, reiv fôret frå rundballen med seg inn i fjøset. Når fôret var komme langt nok innover i forhold til fôrbrettet, vart det møtt av ein "brøyteplog" som vikte fôret frå transportbandet og ned på forbrettet til dyra.


Leikarhuset var ombygd/innreidd som hønsehus, med namneskilt på veggen.


Her klatrar ein lett høgare enn kjerktårnet (i bakgrunnen)!


Er dette framtidige rindalsbønder tru?


Tine var på plass med smaksprøvar som gjekk fort unna. Den fine og praktiske reklamebua deira, som mange kjenner frå Torgdagen og andre arrangement, er forresten laga på Rindalsgjera


Det var Rindal Bondelag  som arrangerte denne tilstelninga, og det måtte visast fram, slik som her med ryggtavla til leiaren, Inge Brønstad, og med stort banner på fjøsveggen.

DSCN7579
DSCN7580
DSCN7584
DSCN7586
DSCN7564
DSCN7569
DSCN7572