
Vårsøghelga presenterer artistane for året
Artistar i verdensklasse
Styreleiar i Vårsøghelga, Patrick Reurink, legg ikkje skjul på at han er fornøgd med det programmet dei har fått sett i hop til årets Vårsøghelg. Han karakteriserer det enkelt og greit som eit høgkvalitetsprogram. Det er meint at folk som kjem på konsert skal bli slått i golvet over opplevinga, fortel han. Dagleg leiar, Gerd Ingrid Kvendset, legg til at målet med Vårsøghelga er å gi folk opplevingar som gjer at dei føler seg litt rikare. Ho er derfor svært fornøgd med endeleg å ha fått den verdenskjente vokalgruppa Nordic Voices (bildet) til Surnadal. Ho ventar konserten deira under Vårsøghelga vil bli heilt unik på grunn av det spennande samarbeidet med Navis Rezvani, som mange for alvor fekk augo opp for under Norske Talenter 2012. –Nordic Voices har aldri hatt med seg ein dansar før, og han har aldri før dansa til den typen musikk- samtidsmusikk i verdensklasse, seier Kvendset, som har store forventningar til dette uvanlege sjangermøtet.
Gøran Fristorp til Kleivakvelden
Elles vil den kjente, svenske visesongaren Gøran Fristorp bli hovudartist under Kleivakvelden fredag 17. mai. Fristorp har ein lang karriere som visesongar bak seg, og er for dei godt vaksne ein velkjent artist. Han slo igjennom på 70-talet, og utgjorde mellom anna halvparten av duoen Malta som vann den svenske nasjonale Melodifestivalen i 1973. Etter den tid har den populære artisten både opptredd og turnert her i landet fleire gonger. Han har turnert med kjente, norske artistar som Finn Kalvik, Odd Børretzen og Viggo Sandvik. Saman med sistnemnte har blant anna tekstar av Evert Taube stått på programmet- og ikkje minst Taub-tolkningane hans har vore med på å gjera han kjent dei seinare åra.
ØraSus
Vårsøghelga blir litt lengre enn vanleg i år på grunn av 17. mai som i år fell saman med pinsa. Den opnar derfor allereie onsdag 15. mai. Da er det opningskonsert med ØraSus på Surnadal kulturhus. Her vil det mellom anna bli fem CD-slepp med urframføringar av artistane sjølve. Mellom artistane finn vi Ingebjørg Loe Bjørnstad, Helge Gravvold og Hans Bollandsås- bluesartisten som mellom anna er kjent som vinnar frå « X Factor» 2010.
Multikunstnar stiller ut
Festivalkunstnaren i år er Oddvar Torsheim frå Førde, også han allereie ein gammal kjenning for mange. Han er mest kjent som målar, teiknar og grafikar, men er ein multikunstnar med mange uttrykksformer. Kunsten hans har ofte ein brodd, og det er venta at han vil gjera nokre ekstra sprell når han først er her som festivalkunstnar. Verkar namnet ukjent? Kanskje har du sett Torsheim som gjest hos Ylvis-brørne i Tv-programmet «Norges herligste» eller i Norske Talenter i 2008?
Allsidig kvalitetsprogram
Torsdag 16. mai er det klart for pubkveld med fokus på fotball, fortel Gerd Ingrid Kvendset. Ho lovar humor, song og musikk og kan også fortelje at det er planlagt jam som skal fortsette utover natta. Fredag er det tradisjonen tru Kleivakveld, der vi i tillegg til hovudgjesten Gøran Fristorp må rekne med å få eit nytt, populært møte med Henning Sommerro og John Pål Inderberg. Henning møter vi også igjen på laurdag da han møter ein av landets mest spennande samtidskomponistar, Nils Henrik Asheim, til komponistmøte i Mokyrkja. Gamle Surna billag gjorde suksess som konsertlokale i fjor, og derfor blir det ny konsert der i år. Denne gongen er det Gjertruds Sigøynerorkester som inviterer til sigøynerkveld på den gamle brannstasjonen.
Historiske godbitar
Elles blir det fleire freistande historiske programpostar under Vårsøghelga i år. I Bondehuset i Stangvik skal det gjerast stas på den utflytta stangvikgjellingen Olaus Jeldness som vart skisportens far i Canada. Her vil skihistorikar, forfattar og NRK-profil Thor Gotaas vera med og bidra med humoristiske skihistorier og historier frå Olaus si tid. Som kjent var ein delegasjon frå Surnadal nyleg i Canada for å feire Olaus Jeldness der. Under Vårsøghelga kjem ein delagasjon på åtte personar frå Canada på gjenbesøk til Surnadal. Eit anna høgdepunkt under Vårsøghelga blir eit besøk frå eit prisbelønna, humoristisk einmannsteater frå Island. Dette vil framføre ei forestilling om bygdas eigen Gisle Surson.
Minne- og kyrkjekonsert
Vårsøghelga blir avslutta med kyrkjekonsert i Stangvika. Her vil Eldbjørg og Ragnhild Hemsing medverke i programmet «Kjærlighet er lysets kilde». Det vil også bli ein minnekonsert etter Benito Nava som døde i fjor. Benito Nava er ein bekjent av Henning Sommerro og har mellom anna songe «Vårsøg» på italiensk. På minnekonserten er det dottera til Benito, Victoria Nava, som syng operaperler og komposisjonar av Benito saman med Stephen Brandt-Hansen. Heilt til slutt bør det vel også nemnast at Kjell Håve er forfattar under årets boksøg.
Gøran Fristorp er årets hovudartist under Kleivakvelden i år. Pressefoto.
Gerd Ingrid Kvenset og Patrick Reurink inviterer til ei Vårsøghelg full av høgdepunkt. Foto: Norunn Holten
Helge Gravvold har plateslepp under Vårsøghelga- eit album å gle seg på, skal vi tru rykta.... Pressefoto.