John Ole-B_U2K9821 (1)

Vil ikkje tvingast til samanslåing

Aspli frustrert og skuffa

Fleire Arbeidarpartiordførarar reagerer med vantru på at Helga Pedersen opnar for å tvinge kommuner til å slå seg saman. Rindalsordførar John Ole Aspli meiner forslaget er hårreisande og er både frustrert og skuffa.

– Eg er sterk motstandar av tvang som verkemiddel i dei fleste samanhengar, og i alle fall i denne samanhengen, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Han misliker sterkt at nestleiar Helga Pedersen kjem med dette no.

– Seinast i fjor gjorde landsmøtet eit vedtak om vår haldning til dette. Difor blir eg forundra og skuffa over at ho kjem med eit slik signal, seier John Ole Aspli.

Les heile saka her.