øyås og røv

Kommunestyret i Surnadal vedtok budsjettet for 2020:

Aukar ikkje eigedomsskatten – kuttar kostnadar med to millionar

Det vart som venta stor debatt då kommunestyret i Surnadal torsdag behandla og vedtok kommunebudsjettet for 2020.

Diskusjonen handla i stor grad om to millionar kroner:

Senterpartiet, Miljøpartiet dei Grøne og Framstegspartiet la fram kuttforslag, hovudsakeleg i rammene til einingane, som dekte inn dei to millionane.

Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Høgre ville ikkje gå med på kutta, og meinte at den beste måten å ta inn dei to millionane på, var å auke eigedomsskatten.

Begge partane meinte deira forslag ville føre til minst negative konsekvensar for innbyggjarar, og særleg dei som har minst å rutte med, og då avstemninga kom var det Sp, MDG og FrP sitt budsjettforslag som vart vedteke – med enkelte endringar i investeringsbudsjettet etter partane sine gruppemøter.

Når det gjeld eigedomsskatten foreslo Sp, MDG og FrP ein promillesats på 3,6 for 2020, medan Ap, H og SV la fram forslag på 4,23 promille.

Her vart Sp, MDG og FrP sitt forslag, på 3,6 promille, vedteke, med 15 mot 11 stemmer. Nils Håvar Øyås frå Sp var innhabil i saka, og deltok ikkje i avstemninga.
 

– Krevande situasjon

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) innleia debatten med å slå fast at Surnadal kommune har gode tenester, og at kommunen skal ha det og i tida framover.

– For meg har det vore viktig å sjå blant anna på det med eigedomsskatt, at den ikkje skulle aukast for innbyggarane. Vi held på å retaksere og gjere om på bakgrunnen for denne skatten, så det å sikre at den er på eit stabilt, lågt nivå er viktig. Dette kan vere ei tøff ekstrautgift for mange med eigen bustad, sa Svinvik, og la til:

– Vi har foreslått ei justering av rammene på enkelte einingar for å dekke inn dette, og veit at vi truleg får tøffe utfordringar seinare, seier ho, og peika på låge statlege overføringar som medverkande til utfordringane.

Surnadal er den einaste kommunen i Møre og Romsdal med arbeidsplassoverskot, noko Svinvik trur vil betale seg på sikt.

– Eg trur at dette kan føre til at folk vil busette seg her, og eg trur at vi ilag kan klare å legge til rette for at ungdommane våre skal ville etablere seg og leve gode liv her. Vi planlegg investeringar innan skule og i helse, og vi ønskjer å tilrettelegge for attraktive tomte.

Partikollega Nils Håvar Øyås la deretter fram fellesforslaget frå Sp, MDG og FrP.

– Vi er i ein litt krevande situasjon, og meiner vi må bruke 2020 på å komme oss opp i marsjfart, slik at vi kan handtere den økonomiske situasjonen best muleg i resten av perioden. Vi vil sikre at Surnadal kommune sin organisasjon, og dei som jobbar der, er best muleg i stand til å sjå mulegheiter - og bruke digitalisering og automatisering til å effektivisere heile organisasjonen, sa Øyås, og la fram forslaget i detalj.

– I forslaget vårt har vi frigjort 8 millionar kroner på investeringsbudsjettet, og det lettar drifta betrakteleg, sa han, før han innrømte at han rekna med at det vart ein del debatt rundt forslaget.

Og debatt vart det.

mogstad, øyås, kvande.JPG
Tove Mogstad, Nils Håvar Øyås og Lars Inge Kvande (alle Sp).


Øyås og Røv uenige

Helge Røv (Ap) var sterkt uenig i forslaget frå Sp, MDG og FrP.

– Vi har vorte forespeila at vi klarte å halde inntektene frå eigedomsskatt på det noverande nivået dersom vi heldt den på 3 promille, men på formannskapsmøtet i går kom det fram at satsen på eigedomsskatt då må opp til 3,6.

– I formannskapet vart det fremma eit forslag med nedjusteringar for ei rekkje einingar, der kutta til saman utgjer to millionar kroner. Vi frå Ap, H og SV foreslår ein promillesats på eigedomsskatt på 4,23 prosent. Det dekkjer opp dei to millionane.

Røv slo fast at opposisjonspartia var usikre på om dei foreslåtte nedskjæringane var realistiske å få til.

– Vi er opptekne av risikoen her, og i behandlinga av siste tertialrapport vart det gjort store nedskjæringar i rammene til einingane, sa han, og peika på at Ap, SV og H såg på oppjustering av eigedomsskatten var eit sikrare tiltak for å få budsjettet til å gå i balanse.

– Dei foreslåtte nedskjæringane verkar litt for tilfeldige, la Røv til.

Nils Håvar Øyås var rask med å ta replikk:

– Det er i alle fall ikkje tilfeldigheiter som ligg bak kutta - det er ein analyse med bakgrunn i tertialrapport nr 2. Det er jobba veldig grundig med dette, og det er berre ei endring i dette forslaget, samanlikna med det som vart lagt fram i formannskapet, sa han.

Røv svara:

– Det stemmer at det kun er ei endring frå det forslaget som vart lagt fram i formannskapet, men når ein kjenner prosessen som var der, blir eg skeptisk. Etter eit gruppemøte på fem minutt vart det då gjort store endringar i kuttforslaga. Er ikkje det tilfeldig, så veit ikkje eg.

Bergsvein Brøske frå Senterpartiet var nestemann på talarstolen:

– Eg tykkjer det er greitt å reflektere litt over det med eigedomsskatt. Vi auka den i det budsjettet vi allereie er inne i, og eg ber kommunestyret om å stoppe opp og tenke på kor høg belastning denne avgifta, som ikkje tek hensyn til inntekt, skal ha for folk.

Laila Buskenes Aune (Ap) slo eit slag for reisevaksinering, og la på vegne av Ap, H og SV fram forslag om at Surnadal Helsestasjon igjen skal tilby dette. Dette vart samrøystes vedteke.

haugen, røv, håskjold.JPG
Kommunedirektør Knut Haugen (f.v.), digitaliseringsansvarleg Pål Ranes, Helge Røv (Ap) og økonomisjef Trond Håskjold.
 

Opprettar utval for artsmangfald

MDG-representanten Eli Vullum Kvande ville heller ikkje auke eigedomsskatten no.

– Ved å ikkje auke eigedomsskatten no, sparar vi innbyggarane for å ta rekninga, og då trur eg vi skaffar oss større spelerom seinare. Då kan vi gjere justeringar på eit seinare tidspunkt, dersom vi må det. Vi går mykje tøffare tider i møte, og vi må uansett ned til maksimalt 4 promille eigedomsskatt frå 2021.

– Det ligg inne i økonomiplana at vi skal spare 15 millionar kroner innan oppvekst og 10 millionar kroner innan helse - innsparingar som endå ikkje er plassert - så vi har store utfordringar som vi kjem til å måtte løyse, sa Vullum Kvande, som understreka viktigheita av å halde drifta nede, samtidig som ein held kvaliteten på tenestene oppe.

– Vi må tenke at vi må snu alle steinar, og det har vi og gjort. Dersom rammeoverføringane frå staten vert større på sikt, får det komme som ein bonus. Per i dag har vi ei regjering som ikkje leverer på økonomi, og dei leverer heller ikkje på klima og artsmangfald, sa MDG-representanten, før ho foreslo å opprette eit utval som skal jobbe for å bevare nettopp artsmangfald. Dette forslaget vart samrøystes vedteke, og det same vart forslaget hennar om mulegheit til å kjøpe årskort i symjehallen.

Artsmangfald-utvalet skal rapportere til kommunestyret, og bestå av tre politikarar og fire innbyggarar.

– Tanken er at utvalet skal ha mandat til å jobbe med å ta vare på artsmangfald, bekjempe framandartar og til dømes bygge opp kampanjar mot svartelista artar. Slike utval har vorte positive innslag i dei kommunene som har innført dei, og dei avlastar administrasjonen, seier Vullum Kvande til Trollheimsporten, og legg til:

– I tillegg er dette ein fin måte å involverere innbyggarane på, for i staden for at vi politikarar skal tre ting nedover hovudet på dei, ønskjer vi å ha dei med oss.

Vullum Kvande var kritisk til at klima ikkje var meir teke omsyn til i økonomiplana.

– Klima og energi er eitt av seks punkt som skal vere gjennomgåande i all kommunal planlegging, står det i økonomiplana, men det er omtrent einaste gong ordet klima er nemnt i heile plana. Det er ikkje bra nok. Vi er i 2019, og veit kva utfordringar vi står overfor.

Ho etterlyste og kartlegging av kva einingar som får- og treng integreringsmidlar.

– Vi skal busette 16 nye flyktningar i 2020, og det gjev oss to millionar i auka integreringstilskot. 0,4 millionar av desse går til eininga for Vaksenopplæring og Integrering, og 0,2 millionar til NAV. Det betyr at vi har 1,4 millionar kroner att av dette tilskotet, og når desse skal fordelast burde ein ideelt sett sjå på kva einingar som gjer integreringsarbeid – og som difor bør få sin del av integreringstilskotet.

vullum kvande og pedersen.JPG
Eli Vullum Kvande (MDG) og varaordførar Hugo Pedersen (SP) har vore sentrale bak forslaget med å få etablert eit eige utval, som skal jobbe med å bevare artsmangfald.
 

– Fornuftig å auke inntektene våre

Høgre-representant Ole Joar Bruset sa frå talarstolen at han var overraska over at partia i posisjon ønska å kutte i rammene til einingane.

– Eg trur på det Nils Håvar Øyås seier, om at Sp, MDG og FrP har gått gjennom rammene skikkeleg før forslaga til kutt er gjort, men eg reknar med at kommunedirektøren og har gjort grundige vurderingar. Vi i Høgre har ikkje tillit til at det er muleg å gjennomføre dei foreslåtte kutta, sa han, og lag til:

– Difor går vi inn for å auke eigedomsskatten for å få eit budsjett i balanse. Det har vore så store kutt hos einingane allere,e at vi ikkje trur forslaga til kutt er realistiske.

Ole Stensby (SV) støtta Bruset.

– Eg ser på det som betenkeleg at posisjonen står her og seier at dei må snu alle steinar og kutte kostnadar, for så å foreslå å kutte auke i eigedomsskatten – som er ein av dei få inntektene vi har lov til å justere inntaket av.

Neste representant opp var Jorid Johansen Aarvåg frå Arbeiderpartiet.

– Kommunedirektøren seier at dei opplever at innbyggarane i stor grad er fornøgd med tenestene, målet framover må vere at det held seg slik. Då trur eg ikkje at kutt hos einingane er måten å gjere ting på. Det er ikkje uansvarleg å ta eit grep for å auke inntektene våre – det er fornuftig, og eigedomsskatt er ein av få plassar vi kan gjere det, sa ho, og fortsette:

– Det er ikkje artig å pålegge innbyggarane desse kostnadane, men brukar vi ostehøvelen til å kutte, blir det vanskelegare for einingane å drive. Kutta i rammene deira kan føre til overforbruk, og som ein konsekvens kanskje reduksjon i- eller bortfall av gode tenester. Det vert hevda at eigedomsskatt rammar blindt, men det gjer kutt i kommunale tilbod og, og dette handlar om å oppretthalde dei kommunale tenestene våre.
 

Begge sider vil ta grep – uenige i grepa

Nils Petter Tonning (FrP) viste til at kommunedirektør Knut Haugen spår endå større utfordringar med økonomien i 2022 og 2023, og foreslo privatisering som eit muleg tiltak for å spare pengar.

– Når det gjeld eigedomsskatt tilrår kommunedirektøren auke for å oppretthaldet enesteproduksjonen og unngå strukturendringar. Slik har det vore jobba i mange år, med å ta frå disposisjonsfondet, og vi i posisjonen har no teke til å ta grep. Vi har prøvd å ta grep for å få ned to millionar kroner, og funne mulegheiter hos forskjellige einingar, sa Tonning, som fekk svar frå SV-representant Ole Stensby.

– Eg ville ikkje omtala slike ostehøvelkutt som «å ta grep», eg vil heller kalle det vegring mot å ta grep. De dreg berre ostehøvelen over toppen ein gong til.

Tonning tilbakeviste påstandane.

– Det har ikkje vore grep her før, vi har brukt driftsfondet for å komme i mål. Då er det på tide å ta grep no, sa han frå talarstolen.

Tonning sin partikollega Johs Vaag fortalte at han hadde inntrykk av at det var jobba samvittighetsfullt med budsjettet for 2020.

Han peika vidare på viktigheita av at kommunen har nok sjukeheimsplassar, og at det var synd at tilbodet om vaksensvømming vart kutta ut. Vaag la og fram forslag på å halvere prisen på tryggleiksalarm. Forslaget fekk til slutt tre stemmer – frå Helge Røv (Ap), Nils Petter Tonning (FrP) og Vaag sjølv.

Annett Ranes frå Ap la fram forslag frå Ap og SV, der dei ba kommunedirektøren om ein gjennomgang av kommunen sin bustadpolitikk i løpet av 2020.

– Vi må mellom anna sjå på om det er spesielt sårbare grupper som grupper som skulle fått ein annan leigesats, sa ho. Dette forslaget vart til slutt samrøystes vedteke. 

Ranes fortsette:

– Eg opplever ikkje at forslaga frå posisjonen er konkrete og tydelege nok til at vi kan stille oss bak dei, med tru på at budsjettet går i balanse.

Lars Inge Kvande (Sp) tok replikk, og la fram spesifiseringar av kuttforslaget frå Sp, MDG og FrP innan helse og omsorg, før partikollega Tove Mogstad følgde opp:

– Det er klart at vi må kutte, og det er ulikt kva som er viktig for oss og kva vi meiner er fornuftig. Det er einingane sjølve som best kjenner til korleis ein kan effektivisere og spare inn innanfor eininga si, men vi må likevel kunne legge føringar for rammene deira. Forslaga våre er godt begrunna, og når det blir sagt at dei slår urettferdig ut for dei svakaste, er ein ting i alle fall sikkert: det gjer eigedomsskatten og.

vaag, bergheim og ranes.JPG
Johannes J. Vaag (FrP, frå venstre), Olav Bergheim (Ap) og Annet Ranes (Ap). 
 

– Fullt muleg å klare dei foreslåtte kutta

Eva Jorid Svendsen (Ap) foreslo, på vegne av Ap, SV og H, å halde betalingssatsane for SFO uendra frå 2019 til 2020, noko som ville gjeve eit inntektstap for Surnadal kommune på 51 000 kroner.

Partifelle Helge Røv påpeika at 900 kroner i auka SFO-sats nesten ikkje vart debattert, og meinte det ikkje hang saman med det sterke engasjementet rundt eigedomsskatten.

Forslaget om uendra betalingssatsar fekk 11 stemmer – frå Ap, SV og H, og vart dermed ikkje vedteke.

Ragnar Halle gjekk på talarstolen og slo fast at eigedomsskatten rammar dei som har minst, og fekk støtte av partikollega Bergsvein Brøske.

Han oppmoda kommunestyret i Surnadal til å hugse kor godt ein har det i Noreg og Surnadal, og kor mange gode tilbod som finst i bygda.

– Vi har råd til å lage eit fantastisk fritidstilbod for barn og unge i form av alpinsenteret, vi gjev betydeleg tilskot til næringslivet vårt, og er framoverlente på utruleg mange måtar. Vi har ein kjempegod barnehage og skule, og vi har kjempegode tilbod med sjukeheim og heimesjukepleie. Vi er kjempeheldige, som har det så bra, sa Brøske, før han slo fast:

– Dette er ikkje eit mindre realistisk budsjett enn dei vi har vore med på før, og nokre av dei har vore minst like ambisiøse, når det gjeld å komme i mål i balanse. Når vi foreslår kutt på 2 millionar, er det fullt muleg å klare det. Det er ikkje snakk om å redusere eigedomsskatten. I fjor auka vi den langt meir enn berre med auken i konsumprisindeksen, og no berre vidarefører vi den. Det er det som er realiteten.

Og med 15 mot 11 stemmer vart altså eigedomsskattforslaget til Sp, MDG og FrP, på 3,6 promille, vedteke.

eigedomsskatt.jpg
Representantane frå Ap, H og SV står for å vise at dei ønskjer eigedomsskatt-sats på 4,23 promille for 2020, men dei 15 sittande representantane frå Sp, MDG og FrP fekk fleirtal for sitt forslag på 3,6 promille.

synger julen inn.jpg
Kommunestyremøtet vart avslutta med allsong av "Det lyser i stille grender" og "Deilig er jorden".