ferje kvanne rykkjem

AutoPASS for ferje frå 1. januar

Frå og med 1. januar 2019 begynner betalingsordninga AutoPASS for ferje over heile landet. I Møre og Romsdal kan du begynne å betale på ferjene med AutoPASS-ferjekort frå denne datoen. Ingen av sambanda i Møre og Romsdal vil vere klare for AutoPASS-brikke før i 2020.

Riksregulativet for ferjetakstar vil fortsatt bli følgt i 2019. Her kan du finne takstane i riksregulativet for ferje.

Overgangen
AutoPASS-ferjekort er eit betalingsmiddel på same måte som ferjekortet du har i dag. I overgangen frå verdikortet og storbrukarkortet som blir brukt i dag vil du kunne bruke korta ei stund til.

Verdikortet (privat) du allereie har frå reiarlaga kan du fylle til og med 31.03.19, og du kan bruke verdikortet til og med 30.06.19.

Storbrukarkortet (firma) vil bli forvalta som no til og med 31.01.19, og du kan bruke storbrukarkortet til og med 31.03.19.

Rabatten
I overgangen til den nye ordninga vil du fortsette få rabatt for reisene dine. 50 prosent rabatt for private køyretøy, 17 prosent for passasjerane, og 40 prosent rabatt for firma. Du kan betale manuelt med bankkort og kontantar på ferjene som tidlegare, men får da ingen rabatt.

Elbil
Elbilar vil ifølge riksregulativet for ferjetakstar få 50 rabatt av den ordinære taksten. Det vil si at om vanleg full pris for personbil er 100 kroner, vil elbil ha full pris på 50 kroner. I tillegg får du ytterlegare 50 prosent rabatt med AutoPASS for ferje-konto (40 prosent for firma).

Informasjon
Du kan finne ytterlegare informasjon og svar på spørsmål, i tillegg til å lage avtale og bestille kort, ved å gå inn på nettsida for AutoPASS for ferje. Her kan du finne autopassferje.no