Avskjed med Saksøkt
Sommarkonserten til Kulturskolen i Storstuå tirsdag kveld vart avslutta med at bandet «Saksøkt» tok avskjed med publikum, kvarandre og Kulturskolen. Nye utfordringar ventar etter mange år ved Kulturskolen.
Sommarkonserten opna med at Gunn Astrid Hove og Pernille Torvik Kvande song Janis Joplin sin song «Mercedes Benz» a capella. Ein fin og roleg start. Rektor Torbjørn Larsen leda konserten, og han advarte oss om at lyden nok kom til å nå andre høgder før konserten slutta.
Vi fekk ein konsert med stor bredde, frå song og treblåsarar, til blåsegruppe og slagverktrio!
Og det var over ti pianoelevar som var på scena! Både bjørn i skogen og sommarfuglar vart skildra på flygelet.
Alle elevar og lærarar på scena til varm applaus frå publikum etter konserten! Takk for opplevinga!
Bildeserie frå konserten nedafor.