Avskjed med soknepresten

Denne søndagen tok Rindal menighet avskjed med presteparet Synnøve og Magne Bjørndal som har vore i Rindal i 12 år - først i gudtenesta, deretter med kyrkjekaffe på bedehuset!

I gudstenesta deltok prost Gerd Anne Aarset, og både kirkekoret og ungdomskoret deltok med støtte frå Jørn Bjørnås på saksofon.
Rindal Ungdomskor i heile sin breidde med Jørn Bjørnås, og ved pianoet, organist Endre Lorentzen.
Rindal kirkekor
Mange ville ha ordet og bere fram gode ord og takk til både Synnøve og Magne. Gaver for flyttelasset vart det også!
 
 
Nedafor ser de nokre av gavane!

Smijernskorset blir opplyst av eit telys.

Pledd til middagskvila

Magne føler seg fram til at dette er ei due - fredsdue!

Dei fekk kvar sin ryggsekk, og ordførar Aspli gav dei mellom anna T-skjorter med "Tid til å leve"-motiv.

Soknerådskarar som ville helse prestefolket med ein song.
Magne takka til slutt for alle gavene og dei gode orda og bad oss hugse på å rose kvarandre i kvardagen også! Dei hadde så mange gode minner frå Rindal, og dei lova å sjå om oss att. Når dei no dreg til Nordhordland veit dei at dei ikkje busett seg i den vanlege ferdselsåra for rindalingar. Dei understreka likevel at vi var velkomne innom dei om det høvde slik.