Trollheimstunnelen.no

Avviser ny tunneldebatt

Eit klart fleirtal i Sunndal kommunestyre seier nei til ei ny utgreiing av kort tunnel og bru som eit alternativ til Trollheimstunnelen.

I ein interpellasjon onsdag foreslo FrP-representant Erling Rød at det skal utgreiast fordeler og ulemper med omsyn til nytte, miljø, kostnader og byggjetid for tunnel og bru, kontra den planlagde 9,2 kilometer lange tunnelen fra Ålvundeid til Todalen (bildet. Foto: trollheimstunnelen.no). Ei arbeidsgruppe har dei siste månadene samla nærare 1600 underskrifter for dette alternativet, som vart skrinlagt på 1980-tallet.

Ifølgje tk.no såg Rød for seg at ei ny utgreiing om dette skulle leggjast fram i haust, men han fekk berre seks stemmer for forslaget. I interpellasjonen blir det vist til at dette også blir det kortaste alternativet, og FrP meiner det bør gjennomførast ei folkeavstemming i Sunndal og Surnadal i høve til kva alternativ som bør veljast. Ifølgje Tidens Krav antydar Rød at ei innsparing på 5,2 kilometer tunnel – cirka 520 millionar kroner – truleg vil finansiere utgiftene til bru over Todalsfjorden. Kostnaden per meter tunnel er på rundt 100.000 kroner, medan den per meter bru er på mellom 850.000 og 900.000 kroner.

Frp-representanten møtte stor motbør, mellom anna frå Knut Reinset (Sp). Han påpeika at ein no er nærare ei løysning enn nokon gong tidlegare, og advarte mot ein omkamp med ei finansiering han meinte ikkje held mål - I alle fall dersom det skal bli bygd eit ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal i overskueleg framtid.

– Sannsynlegvis vil kostnaden bli 500 millioner høgare enn antyda, hevda Reinset.