1%20Ankomst%20A%20[1]_250x196

Bårdshaugen barnehage på Vårsøgutstillinga

Barnehagebarna frå Bårdshaugen som nyleg vitja Vårsøgutstillinga, møtte med ope sinn og kunstforståing. Det var artig å sjå kor engasjerte dei var i bileta til årets Vårsøgkunstnar, Elling Reitan. Heller ikkje så rart at desse fantasifulle kunstverka med så saftige fargar fengjer. Barna leita og fann til og med Yin og Yang - varemerket til Elling Reitan - i alle bileta, fortel Anne Vognild Einum, som har sendt Trollheimsporten ein bileteserie som viser entusiastiske barnehagebarn.

Klikk på bilda for større versjonar.

1%20Ankomst%20A%20[1]_1024x801
Kunstdiskusjon ved dette store, flotte og fargerike måleriet som mange etter kvart flokka seg rundt. Ikkje overraskande at Ankomst vart Bårdshaugen barnehage sin favoritt.
4%20De%20gale%20madonnaer[1]
Denne jenta likar De gale madonnaer". Denne jenta likar biletet De gale madonnaer. Det har fart og er mystisk og fargerikt.
5%20The%20Hour%20of%20Red%20og%20Landskap[1]
The Hour of Red og Landskap kunne godt desse to jentene tenkt seg.
6 vakre fargar
To gutar er begeistra for desse bileta med så vakre fargar, spesielt blåfarga.
9 Brukken vinge A_1024x818
Erling Svinvik og Arin Ormset i ivrig diskusjon om måleriet Brukken vinge.
11 Elling Reitan V%E5rs%F8gkunstnar_1024x683
Årets Vårsøgkunstnar, Elling Reitan, framom sitt vakre måleri Ankomst, som vart Bårdshaugen barnehage sitt favorittbilete.