jomfru maria

Babyfrø og jomfrufødsel

Korleis kjem babyfrøet inn i Jomfru Maria sin mage? Mange har tenkt sitt om den saka, og det er mesta ikkje til å forstå uansett om ein er fire-åring som har fått kyrkjebok eller om ein er vaksen. Dette var tema i Øvre Rindal kapell sundag. Og alle som var der, fekk høyre noko om at Maria er så glad i Gud at ho er glad. Kanskje fleire av oss har det på same viset, for alt eg veit.

Øvre Rindal kapell 25.03.12. Familiegudsteneste med utdeling av Kyrkjebok til 08-årgangen. 

Preiketekst: Lukas 1, 46-55.

Da sa Maria:
«Min sjel opphøyer Herren,
og min ånd fryder seg i Gud, min frelser.

For han har sett til sin tjenestekvinne i hennes fattigdom.

Og se, fra nå av skal alle slekter prise meg salig,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; hellig er hans navn.

Fra slekt til slekt varer hans miskunn
over dem som frykter ham.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spredte dem som bar hovmodstanker i hjertet.

Han støtte herskere ned fra tronen
og løftet opp de lave.
 

Han mettet de sultne med gode gaver,
men sendte de rike tomhendte fra seg.

Han tok seg av Israel, sin tjener,
og husket på sin miskunn

slik han lovet våre fedre,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»
Slik lyder Herrens ord.


Det er kult å vera prest! Det er mesta som å halde på med hobbyen sin heile tida: Eg snakkar om Jesus og Gud og eg treffer mykje koselege folk.
Men fredag hadde eg prakk når eg skulle førebu preika. For korleis skal ein snakke om at Jesus kjem inn i Jomfru Maria sin mage slik at de som er fire år forstår det? Eg forstår det jo mesta ikkje sjølv eingong!!
 

Då gjer eg som Luther. Av alt det lure Martin Luther sa og gjorde, er det ein ting de bør hugse frå denne gudstenesta i Øvre Rindal kapell 25.mars 2012:
Kva Luther sa som me må hugse: Me har meir enn nok som står i Bibelen så me skal kunne bli frelst – av det me forstår. Alt me ikkje forstår, treng me ikkje bry oss noko om.
Er ikkje det lurt??


Så altså – tilbake til Maria. Ho er ungdom. Ho har ein kjærast som heiter for Josef. Og så får ho eit babyfrø i magen. Dette babyfrøet kjem ikkje frå Josef men frå Gud.
Nokon syns dette er tulle`. Mens andre seier som så at «Viss Gud klarte å skape både himmelen og jorda, måtte han vel altids klare å laga eit babyfrø i Maria sin mage òg!
Det kan så vera - .
 

Maria er i alle fall glad for det som har skjedd. Ho gler seg til å bli mor.
Og så seier ho tydeleg nok:
Min sjel opphøyer Herren og min ånd fryder seg i Gud, min frelser.
 

Kva betyr det? Det betyr at ho seier til Gud at ho er glad i Gud og glad for at Gud hjelper henne. Rett og slett: Maria er så glad i Gud at ho er glad!
Tenke seg til – det skulle me ha lært litt av òg! Tenk å vera så glad i Gud at ein blir glad av det??! Så kult!
Kvifor. Sjølvsagt. Slik er det i alle heimar og slik er det i kyrkja òg. Viss det er noko som er rart, er det berre å spørje KVIFOR??


Kvifor er Maria så glad i Gud at ho er glad?
Er det fordi ho får masse pengar? Er det fordi ho får masse ting? Er det fordi ho får nokon ting som helst?
Nei, ting får ikkje Maria. Ho får noko som er mykje større enn alle ting i heile verda:
Ho får vera mor til han som er frelsaren både for henne sjølv og for alle i heile verda.
 

Difor er Maria hoppande glad. Og heldigvis veit ho ikkje enno alt om det som skal skje med Jesus den siste påska han levde. Men kanskje anar ho at det skjer store ting med livet til alle folk i og med at Jesus vinn over døden? Det kan vera - .