Bættabol og bissmi

Anne Skjølsvold skriver:
 
Eit bættabol (eller båttåbol i Trøndelag) er eit bitebol, eller med andre ord: Ein plass der folk bitst, der det er mye krangel og uenigheit.
 
Eit anna beslekta ord er bissmi (bitsmi),  som også kjem av å bitast og betyr krangel, uvennskap eller kjekling. Det ordet er vel bruka her i Rindala òg, det er iallfall kjent nord for fylkesgrensa.
 
-Så da blir vel eit bættabol ein plass der det er mykje bissmi.