
Bæverfjordkalenderen klar
Leiar i Bæverfjord i.l med nokre eksemplar av dei rykande ferske kalendrane som no skal ut på bygda.
Eksempel på motiv i kalenderen er lagbilde av fotballag frå siste sesong, aktive langrennsløparar og bilde frå turar og andre arrangement i idrettslagsregi. Sidan laget har ei stor trimgruppe med aktive deltakarar, er det også naturleg at nokre av bileta er henta frå turmål i bygda og frå anna friluftsliv.
Det er ein fornøgd leiar i Bæverfjord i.l., Magne Sollid, som no kan legge kalendrane ut til salg. Rindalsfirmaet Prosit har gjort ein flott jobb og laga ein kalender idrettslaget no er stolte over å tilby folk i bygda. Representantar frå idrettslaget vil dra gardtales, men kalenderane vil også bli å få kjøpt på dei to nærbutikkane i bygda, eller hos leiar Magne Sollid eller sekretær Norunn Holten. Dei kostar 100 kroner stykket, og er veleigna som julegåve til bestemødre, onklar eller utflytta bæverfjordingar. Kalendrane er laga i eit begrensa opplag, så her kan det lønne seg å vera raskt ute. Sollid rettar ein stor takk til dei tre sponsorane som har vore med på å gjera kalenderprosjektet muleg: Halsa Gjensidige Brannkasse, Surnadal Sparebank og El-Co AS.