bakedag 3au1 web_550x414

Bakedag for gutane på 3AU1

Elevane på vg3 automasjon på Surnadal vidaregåande skole har lenge ønskja seg ein bakedag på skolekjøkkenet saman med lærar på helse- og oppvekstfag, Bente Løseth Sylte. Tysdag 23.oktober fekk dei endeleg ønsket sitt oppfylt, og resultatet vart nydelege skolebollar og kanelsnurrar.

Bente var storfornøyd med innsatsen til den trivelege gjengen, og det er sanneleg ikkje rart. Sjå berre på det flotte resultatet!

Bakerst frå venstre: Bente Løseth Sylte, kontaktlærar Lars Mikkelsen, Erik Ranes, Kristoffer Nordvik, Espen Wilhelmsen Holseng, Oskar Betten og Bjørnar Moen.
Nederst frå venstre: Lars Espen Mogset, Jan Otto Normann og Morten Brattli Aune

Ingenting å utsette på innsatsen!

Surnadal vidaregåande skole er medlemmer av Trollheimsporten. Sjå alle medlemmer, og bli medlem her.