BALLDAG 05 Tallerken

Balldag i Bøfjorden


Søndag avrundar Bøfjorden Sjøbruksmuseum sommarsesongen med sildballmiddag, slagermusikk og glimt frå moderne havfiske. Basar og trekning hører også med på årets siste museumsdag.


Bas og styrmann Nils Gunnar Holm viser film og foto frå moderne havfiske. Med 250-fotingen «Christina E» frå Fosnavåg driv han fiske etter kolmule i Atlanterhavet, lodde i Barentshavet eller sild og makrell i Nordsjøen.


Som eit lite 200-årsminne trekkjer Bernt Bøe fram den dramatiske historia frå 1813 bak namnet «Sjursfløgda» på Bølandet.


Peder Hønsviks Trio underheld med slagermusikk. Her blir mange godbitar å høre – delvis som taffelmusikk.


Kjøkenet serverer ekte bøfjordsk sildball, kaffe og småmat heile dagen.


Årets store sesongutlodning blir avrunda med basarbord og trekning av flotte gevinstar til slutt på den tradisjonsrike balldagen.

 

Balldag Plakat 2013 09 22_715x1064.jpg

 

Balldag 01 Ola R RVB Kari SH.jpg
Balldagen er årviss sesongavslutning. Her frå eit tidlegare høve – der Ola Roaldset kjøper sin porsjon av Randi Bøe og Kari Heitmann
 

Balldag 02 Makrell.jpg
Nils Gunnar Holm fortel frå moderne havfiske ombord i «Christina E». (Foto Olav Thokle)

Balldag 03 Peder H.jpg
Peder Hønsvik med trio (trekkspel, song og trommer) har taffelmusikk til middagsgjestene

Balldag 04 Bernt.jpg
- Velbekomme! seier historielagsleiar Bernt G. Bøe og lovar ekte bøfjordsk sildball på museet

BALLDAG 05 Tallerken.jpg
Sildball – nordmørsk lokalfavoritt
 

Tekst og foto: Bernt G Bøe