Baneåpning Øye 1_350x233

Banksjefen vann 60-meteren og vart baneopnar

I konkurranse med stortingspolitikar Jenny Klinge og ordførar Mons Otnes, sprang Allan Troelsen i mål på 9,0 sekund og vann 60-meteren på Øye stadion fredag. Banksjefen vart dermed offisiell opnar av det nye stadionanlegget til 21 millionar kroner, som er bygd om frå grusbane til kunststoffdekke på friidrettsanlegget og kunstgras på fotballbanen. Sjå bildekavalkade frå opningsfesten her!

Barnehagar, lærarar og skuleelevar frå både Surnadal, Rindal og Halsa var samla for å delta på opninga av det nye bananlegget på Øye fredag.

På plass var også politikarar, kommunale representantar og ein god del publikum som i tillegg til 60-meter-oppgjeret også fekk høyre talar og skulekorpsmusikk og sjå regional stafettkonkurranse og oppvisningskamp i fotball.

- Dette er eit aktivitetsanlegg, som vi håpar blir mykje brukt. Ikkje berre av surnadalingar, men sjølvsagt også folk frå Halsa og Rindal, sa Surnadal-ordførar Mons Otnes i talen, før han kasta seg ut i 60-metersdysten mot Jenny Klinge og Allan Troelsen.

Klikk på bilda under for større versjonar.

Baneåpning Øye 2_1024x681
Surnadal Sparebank sin sjef, Allan Troelsen (nr. 3 f.h.), hadde eigen heiagjeng. F.v. Brit Marie Blekken, Kjersti Berset, Liv Dalsegg, Odrun Gjerstad og Ole Magnus Løwe.
Baneåpning Øye 3_1024x512
Skuleklassar frå Surnadal, Rindal og Halsa hadde stafettkonkurransar.
Baneåpning Øye 6_1024x663
Opningsmarkeringa starta med defilering rundt banen.
Baneåpning Øye 5_1024x681
Surnadal Skulekorps sørga for musikk og drilloppvisning.
Baneåpning Øye 4_1024x1320
Tidlegare banemeister Magne Holten var stafettstartar.
Baneåpning Øye 7_1024x647
Løpebanen på Øye har no fått kunststoffdekke.
Baneåpning Øye 9_1024x696
Stor innsats under fotballkampen mellom elevane og lærarane!
Baneåpning Øye 8_1024x754
Enkelte hadde eigen fanklubb på sidelinja under fotballkampen...