Picasa

Barna i sentrum i kapellet i dag

Denne søndagen var det utdeling av 4-årsbok og puslespel til 4-åringane i Øvre Rindal kapell. "Salt og Pepper" song, og presten kom heilt frå Ålvundfjord, og han snakka til barna. Etterpå var det som vanleg kyrkjekaffe. Sjå bilde nedafor!

Det var godt oppmøte i kapellet denne søndagen, og forsmlinga møtte ein prest som tala til ungane om "Livet brød" og engasjerte dei med matvarer han tok ut av posen sin før han tok fram boka med "Livets ord."

Bjørn Hovde er pensjonert prest som bur i Ålvundfjord.  Tidlegare var han prest i mange år i Sunndal, før han dei siste åra var i Nesset.

Mange tok seg også god tid til kyrkjekaffe og ein prat etterpå.


4 på 4 er spente på den nye boka!
 

Salt og Pepper

"Hvem har skapt alle blomstene?"

På kyrkjeveg