Barneforeninga fyller 100 år
Rindal Barneforening for Det Norske Misjonsselskap (NMS) er 100 år i år. Rindal Sokneråd markerte jubileet ved gudstjenesta på søndag. Her kommer det tekst og bilder fra markeringa.
Soknerådet inviterte også alle til kirkekaffe på bedehuset. Tidligare foreningsledarar var spesielt inviterte. Rindal Barneforening vart altså stifta i 1907 av sokneprest Johnsen og frue like etter at dei kom til bygda. Møta var vanlegvis i prestegarden. I 1914 stifta prestefolket Rindal pikeforening. Når barna vart for gamle til å gå i barneforeninga, kunne dei begynne i pikeforeninga. Det var vanleg at prestekonene hadde ansvaret for barneforeninga heilt fram til 1982. På møta har dei andakt, song, utlodning og ulike aktivitetar. Somme gonger får dei besøk frå Trondheim. Men litt mat og kakao hører med kvar gong! Barneforeninga har vore i gang heile tida, altså i 100 år. Vi Gratulerer!

Det første adventslyset blir tent

Arnhild Foseide Fagerholt takket Soknerådet for arrangementet

Astrid Flø fortalte litt fra historia til Barneforeninga

Barnekoret sang i kirka

Elsa Jensvold takker Inghild Helgetun og Britt Sveen Bolme

Ei av kakene på bedehuset

Randi Kimo hadde hilsen

Johanne Sæter var også til stede

Kirkekaffe på bedehuset
(Tekst og bilder: Ole T. Foseide)