
Barnehagedagen 2010
Med slagordet ”Kom inn og sjå!” inviterte barnehagane i Surnadal til ein aktiv og triveleg barnehagedag på Kulturhuset.
For sjette året på rad vart barnehagedagane arrangert, etter initiativ frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet. Barnehagedagen er ein dag som gir barnehagane rundt om i Noreg moglegheit til å vise fram det positive kvardagslivet i barnehagen og slik auke forståinga for barnehagen sitt viktige arbeid.
På Surnadal Kulturhus fekk vi komme inn å sjå glade ungar frå heile kommunen som ville vise fram kva dei held på med i barnehagen. Vi fikk blant anna sjå ei kjempefin utstilling kor ungane hadde laga artige figurar, tekster om nærmiljøet dei bur i og ikkje minst mange fine teikningar og måleri.

Det var også artig å vere med og sjå når ungane heldt på med ulike aktivitetar. På Kulturhuset var det nemleg satt opp fleire aktivitetsstasjonar, kor dei blant anna skulle danse og syngje til musikk, lese bøker og spele spel på biblioteket. Ein anna spanande stasjon var å løyse utfordringar frå Energikampen. Ungane var kjempeflinke!

Barnehagedagen slutta med brask og bram i Kulturhusfoajéen. Der samlast alle barnehagane ved to store langbord for å ete god mat og drikke. Det vart mange ungar! Der satt representantar frå oppvekstsentra og barnehagane frå Bøfjorden, Bæverfjord, Midtigrenda, Bårdshaugen, Stangvik, Mo, Todalen, Skei og Øye.
Her sit to fornøgde jenter, Maria (5) og Emma (3) frå Skei barnehage, og et mat etter ein fin barnehagedag.
Det var kjempeartig å få vere med og sjå kva barnehagane i Surnadal held på med!

.png)

