jenter ansiktsmaling_550x381

Barnehagedagen 2013

Barnehagedagen blir i år arrangert for 9. gang. Dette arrangementet kom i stand etter initiativ frå Fagforbundet og Utdanningsforbundet. I år er bodskapen ” Kvalitet og bemanning” i barnehagen. Målet er å synleggjere arbeidet som blir gjort i alle barnehagar i landet.

I samarbeid med foreldra må vi i barnehagen legge til rette for at alle barn skal få delta i eit lærande, leikande og utviklande miljø. For å kunne gjere dette viktige arbeidet, treng vi nok kvalifisert personale.

Vi arrangerer barnehagedagen den 11. mars på Surnadal Kulturhus frå kl 1000 – 1230. Denne dagen ønskjer vi å vise oss fram litt, og vi blir veldig glade viss du kjem innom for å sjå at vi driv med ansiktsmaling, dansar Zumba, dramatiserer eventyr, har Energikamp, målar på glass + mykje meir !!

Helsing barn og vaksne i barnehagane i Surnadal