
Barneidretten i gang!
"Barneidrett" for barnehagebarn er no i gang i Bæverfjord. Første kvelden var sist onsdag, og heile 10 barn møtte opp. Det er enno plass til fleire, så om nokon gjekk glipp av første gongen, er det berre å stille neste onsdag, får vi vita. Opplegget går ut på allsidig leik og hallaktivitet i ein times tid, alt under trygg observasjon og leiing av vaksne. Les meir om "barneidretten" ved å klikke her.
Bæverfjord IL er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem du også! Klikk her for å bli medlem. Alle medlemmer her!
Sosialt med drikkepause på tjukkasen! Alle foto: Norunn Holten
Springing er alltid populært, slik også med denne spreke gjengen.
Til venstre: Full konsentrasjon under klatring i ribbeveggen- og rett bak passar ein vaksen på.
Den vanskelegaste oppgåva i løpet av kvelden: Å ligge musestille på golvet!