Anita Land 2012-0037_715x477

Basar i Stangvik med utruleg god mat

Om du ikkje har vore på basar i Stangvik, har du gått glipp av noko stort. I år har du sjansen til å gjera noko med det. Søndag arrangerer nemleg Stangvik grendalag basar. Som vanleg er maten både gratis og utruleg god, og basarbordet er langt og innhaldsrikt.

I tillegg kjem åresal med masse heimelaga gevinstar.

Og så er det konkurransar av ymse slag. Om du er god til å skyte eller kaste, kan du vinne fine premiar.

Stangvik grendalag håpar sjølvsagt på stort oppmøte, og ønskjer alle frå fjern og nær hjarteleg velkomne til Bondehuset i Stangvik søndag klokka fire.


Etter eit svert vellukka loppemarked trår Stangvik grendalag til med basar. Anne Nes (bilete) er i sentral i både loppemarkedet og basaren. Foto: Anita Land



Stangvik grendalag håper mange folk tek turen til Bondehuset søndag.(bilete er frå loppemarkedet i Bondehuset i år). Foto: Anita Land