Stangvik Grendalag annonserer:
Basar med tombola i Stangvik
Stangvik grendalag arrangerer basar med tombola i Bondehuset laurdag klokka fire. Leiar i grendalaget, Bjørn Kristian Brøske, håpar mange vil ta turen til Stangvik på laurdag. Som vanleg byr arrangøren på eit stort basarbord med mange gevinstar.
Det vert tombola med åresal. Veit du ikkje kva åresal er, så ta ein tur på basar i Bondehuset. Om nokon vil konkurrere i pilkast, skyting eller ballkast vil det vere høve til det. Det er fine premiar til dei beste kastarane og skyttarane.
Stangvik grendalag byr òg på god, heimelaga mat. Tradisjon tru er den gratis.
- Velkommen til ei triveleg stund med god, gammaldags basarstemning, seier Bjørn Kristian Brøske.