2019-02-01 18

Basarsøg og barnesong

Fredag kveld hadde Rindal Misjonsforening den årlege Kyndelsmessebasaren, riktignok ein dag for tidleg. Denne basaren er ein over hundre år gammal tradisjon i Rindal.

2019-02-01 18.42.01.jpg

Rindal barnekor deltok med vakker song. Kantor Johanne Bjørkhaug, som øver med barnekoret, akkompagnerte på piano, så ho måtte ha hjelp av kormedlemmer for å dirigere koret under framføringa.

2019-02-01 18.45.35.jpg

2019-02-01 18.44.55.jpg

Folk kosa seg med kaffe, kaker og dessertar til trøst, medan dei kjøpte årer og håpa på gevinst.

2019-02-01 18.59.01.jpg

Barna hjelpte ivrig til med å dele ut gevinstane etter kvart som ledaren, Kjellaug Foseide, ropa ut vinnarnumra.

2019-02-01 18.43.55.jpg

Kvelden vart avslutta med trekning av gevinstane på listene som hadde vore ute før basaren (bildet ovafor). Ledar i misjonsforeninga melder til Trollheimsporten at det kom inn 29095 kr til Det Norske Misjonsselskap, og ho takkar alle som var med og bidro til det gode resultatet.

Vinnarane ser du nedafor.

IMG_20190201_0001_690x976.jpg

ps.: Trollheimsportens utsendte vann to kopplørver på årene...