
- og Henning som fullada ungdom!
Batteri i storform -
Batteri opna kveldskonserten med eit forrykande show i tonar, lys og rauk. Gutane har taket på det dei held på med, og har kome fleire skritt vidare i utviklinga si. Dei er svært senevante, og går på med stor energi! Dei hadde ingen problem med samspelet med den nokre år eldre sambygdingen sin heller. Men når det gjeld småprating mellom nummera er det få som kan slå Henning på heimebane!
I fellesdelen fekk vi vere med på Hennings karriere frå The Tramps i 1964, Mad Movies og Vårsøgtida til ein oppdatert versjon av Bøverdalsrock i lag med Batteri-gutane.
Konkusjonen til Henning Sommerro på kvelden, var at dette samspelet "gjekk over all forventning!" Vi kjenner ikkje til forventningane hans, men for oss så verka det som alle var trygge på kvarandre og ville gje oss eit festfyrverkeri som start på desse Vårsøgdagane. Vi veit vi får høre meir frå både Sommerro og Batteri, men vi hører dei gjerne i lag att også!
Bilda gjev berre svake inntrykk av forestillinga og stemninga, men dei viser i alle fall innsatsen.

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og i serie!

.png)







