
Batteri takka Bente
Bassist Sondre Skogseth var oppteken med skulegang i Kristiansund, men gitarist Stein Boge, keyboardist Brage Kristian Einum, trommeslagar Oddbjørn Sponås og vokalist/gitarist Hans Olav Settem tok turen innom Edvardsen i Amfi Surnadal med takkegåvene.

Bandet har vore innom fleire "fargefasar" - blått under Melodi Grand Prix jr i 2008, gult i fjor og no raudt. Heile tida har det vore Bente Krangnes Edvardsen sine butikkar Inc og Nr. 5 som har vore behjelpeleg med sceneantrekk, noko bandet veit å setje pris på.
Batteri har eit tett program for tida. 17. april spela dei under Nidaros Bluesfestival, og no i helga var det opptredenar i Amfi-sentra i Steinkjer og Namsos.
Sjå opptak frå Batteri sin opptreden under Nidaros Bluesfestival her.
Onsdag 28. april er Surnadals-gruppa med på blinordmoring.no sitt store arrangement på Dokkhuset i Trondheim. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Surnadal, Rindal og Halsa, der målet er å lokke fleire til regionen gjennom å synleggjere mulegheitene i området. Også Rindals-gruppa The Swiks spelar på dette treffet, der også ordførarane frå dei tre kommunane er til stades saman med Trollheimsporten og representantar frå det lokale nærings- og kulturlivet. Les meir om arrangementet her.
Laurdag 22. mai er Batteri samman med mellom andre HazelBand frå Halsa klar for rockekonsert under Vårsøghelga.

.png)

