Bauta og bjønn a Bjønnastøtta plate

Bauta og bjønn

Mannbjønnen er atter «i skuddet»! Med god hjelp av den utrøttelege arkivgranskaren Jonny Lyngstad har Eirik Haukenes i NRK sikta seg inn på den snart 250 år gamle gysaren. Det vart fulltreff.

Av Bernt G. Bøe

Fem menneske i Bøfjord-traktene vart drepne av bjørn midt i 1770-åra. Denne historia er så eineståande at den påkallar stor interesse. Nettartikkelen på NRK gjer nok at fleir enn før stansar ved «Bjønnastøtta» i Haugaskaret mellom Betna og Settemsdalen – der plata fortel:


«Til minne om dei folk bjørnane drap, og om den djerve bjørneskyttaren Tølløv

Person Foldal, som i åra 1775-1776 frelste desse bygdene frå rovdyrplagen og skaut

mannbjørnen, reiste ungdom av Aasskar, Halsa, Valsøyfjord denne steinen anno 1926»


Som medskuldig i bevaringa av denne historia trur eg eit konsentrat kan vera nyttig. Til grunn ligg skriftlege dokument frå 1770-åra. Muntlege overleveringar og folketru legg noko til og gir historia nye dimensjonar. Sanning og dikt flettar seg saman til eit fantastisk drama.

Viktigaste skriftkjelda er to brev som Johan Michael Meldahl (Melldal), militær kaptein i Det Brøsiske Kompani (Stangvik), skreiv til amtmannen i Molde sommaren 1776. Den samtidige «Dragsetvisa» (attfunnen i ei avskrift frå 1777) skildrar eitt av morda. Sjølv om Meldahl kan vera unøyaktig med datoar og andre detaljar, bekreftar han hovudtrekka i det folk i Bøfjord-traktene alltid har sagt. I løpet av eit par år vart fem menneske i området drepne av bjørn. Folk kalla han «Mannbjønnen» og forestilte seg eit menneske i bjørneham.


«Vendte om og dræbte Manden»

Truleg var Knud Olsen i Trodalen (mellom Bøkleppen og Flessastranda) første offeret. Slik skriv Meldahl til amtmannen: «Da Bjørnen om Aftenen var kommet til Mandens Fæhus for at brække ind, han vilde redde sine Kreature, tog han i hast en Kornstør og dermed drev Bjørnen fra Fæhuset, men da han uforsigtig forfulgte den lidt fra Gaarden, og som der syntes, har stukket i Bjørnen den spidse Ende der fandtes blodig, vendte dem om og dræbte Manden.»

Meldahl fortel vidare at dottera på garden tok ei øks og hogg til bjørnen – «og dermed lidt beskadiger den, som kunde sees af det Blod, som fandtes paa Øxen» - slik at dyret rømte. Men faren omkom altså. Kanskje var det blodet på kornstauren og øksa som gjorde den såra bjørnen til menneskemordar. Ulykka i Trodalen skjedde mest sannsynleg hausten 1774.

Bauta og bjønn b Trodalen ca 1980.jpg
Trodalen rundt 1980. I steinura bak fjøset til venstre skal det ha vore at bjørnen «vendte om og dræbte Manden». (Foto Bernt G. Bøe)
 

«Tog han Pigen med Kløerne fat»

Den 13. mai 1775 drep bjørnen ei gjetarjente på Dragset i Bøfjorden. «Dragset-visa» på 27 vers - skriven av den blinde Maria Jonsdatter Dragset, som da budde på same garden - fortel utførleg om hendinga:


«Og hendes Legem saa de da

at Bjørnen tog med bort derfra

og ynkelig parterre ...

Han rev og tærte den Piges Krop,

tilsidst gik Udyret lenger op,

der hendes Legem nedfasket

og Tørv og Jord paarasket»
 

Like etter gjekk bjørnen til åtak på ei jente på ein av nabogardane. Tradisjonen seier at ho sprang på sjøen og vart berga av kyrkjefolk som kom roande forbi. Staden ligg mellom Heggemsnes og Kalset og heiter Mannbjønnberget. Bøfjorden Historielag og idrettslaget i bygda har merka staden med skilt og innlemma historia i turopplegget og heftet «Turar i Bøfjorden».

Mbj c MbjBerget Einar Syver (1).jpg
Nabobrørne Einar (t.v.) og Syver Vetleseter Melling ved Mannbjønnberget (i bakgrunnen) – der bjørnen jaga jenta på sjøen og kyrkjebåten kom og berga ho. (Foto Bernt G. Bøe)
 

«Ihjelreven af en Bjørn»

Kyrkjeboka for Aure fortel under «1ste Søndag efter Trefoldighed» i 1775: «Ligprædigen over Pigen Gjertrud Larsdatter Henden, gammel 26 Aar. NB. Hun blev ihjelreven af en Bjørn.»

Dette tredje mordet skjedde i Hendadalen i Valsøyfjorden. Meldal skriv: «Efter at Kreaturene om Aftenen var drevne hjem af Marken, ser Pigen et Stykke udenfor Gjerdet nogen at gaa tilbake, hvorfor hun gaar tilbake for at faa og disse hjem. Straks blev hun angrebet af en stor Bjørn, dræbt paa Stedet, og førend Hjelp kom, saaledes sønderslidt at alleene hist og her fandtes Levninger tilbage af Legemet.»

Bauta og bjønn c Hendadalen.jpg
Somme seier at mordet i Hendadalen skjedde omtrent der denne løa (t.h.) står. (Foto Kirsten Baadnæs Bøe)
 

«Sled Klæderne bort»

I april 1776 prøvde bjørnen å ta ein husmann ved Kalset i Bøfjorden – truleg på plassen Kråkå. Mannen kom seg unna, men bamsen drap ei gjetarjente like ved: «Bjørnen, der hørte Pigens Røst, forlod strax Manden og opsøgte Pigen, greb fat paa hende, slog mange Hul paa hendes Legeme, sled Klæderne bort og opaad hende for det meste fra Hofterne til Fødderne. Dog blev hun af de nær nedpaa Søen liggende Fiskere reddet ved Livet, men efter nogle Dage døde i en overmaade Piine.»
 

«I en ynkelig Tilstand»

Den siste som vart drepen av bjørnen, var drengen til kaptein Gaarder i Åkvika i Halsa. Det må ha skjedd litt seinare i 1776. 16-åringen og ei jente gjette krøttera da udyret dukka opp og tok guten. Jenta sprang etter hjelp. «Men førend Hjelp kom, havde Bjørnen alligevel opædt hans eene Laar fra Hoften til Foden, saa intet uden Beenene var tilbage og bed adskillige Hul i hans Legeme; dog var han i Live, men døde 18 Timer derefter i en ynkelig Tilstand.»

Tradisjonen fortel at mor til guten var den første som fann han. Han greidde enno så vidt å snakke og skal ha sagt dette: «Å jø, mor, ha du kjent kor ilt det va, det føst bettet han tok tå meg!»
 

Skyttar-Tølløv og jegrane

I sine brev til amtet skildrar kaptein Meldahl at det var veldig mykje bjørn på denne tida. Han bed om å få utkommandert ein stor styrke av soldatar og bønder (antydningsvis 500 mann) under si leiing for «at faae Bjørnene uddrevet af sine Huler ... og faae dem drevet hen paa de Steder hvor man kan faae dem skudt eller jaget paa Søen og der dræbe dem». Men han fekk ikkje gjennomslag for desse omfattande planene.

Derimot ser det ut til det var Meldahl som sette den berømte bjørnejegeren Tølløv Pedersen Foldal (1712-1795) på saka. Jonny Lyngstad har funne eit dokument frå Meldahl datert «Quande d: 2den Novembr. 1776» som fortel at Tølløv og 3 bøfjordingar i 14 dagar hadde «gaaet paa Biørne skytterie». Men han skriv også at «de ey var i Stand at faae nogen ødelagt».

Meldahl oppgir namna på dei tre frå Bøfjorden som var med Tølløv: Ole Bøe, Ole Audensen Heggem og Joen Olsen Heggem. «Ola Bø» var det 5-6 av på Bølandet den gongen: Jegeren kan ha vore Ole Gundersen (Bøbakken), Ole Johnsen (Børeiten) eller – kanskje helst - 45 år gamle Ole Rasmussen (Olastua). På Heggem var det på denne tida 4 bruk. Den nemnte jegeren Ole Audensen var frå Gamle-Austistua. Joen Olsen (1751-1813) var frå den noverande Austistua og var første i ei samanhengande rekke på åtte John’ar. (Den yngste av desse, «John den 8.», er fødd i 1998.)

Medahl-skrivet frå november 1776 reiser nokre spørsmål. Når var det desse karane gjekk to veker på bjørnejakt utan resultat? Var det kanskje ikkje i 1776 at Mannbjønnen vart skoten, slik tradisjonen og Bjønnastøtta vil ha det til?

Overleveringane om at Tølløv skaut det som folk trudde var sjølve Mannbjønnen, og om kvar og korleis det skjedde, er uansett sterke. Tidspunkt og detaljar er usikre, men etter 1776 vart i alle fall ingen menneske drepne! Skinnet av Mannbjønnen vart delt mellom kyrkjene der ofra var gravlagde (Stangvik, Halsa og Aure), og vi har bevis for at bjørneskinn låg både i Halsa-kyrkja og Aure-kyrkja. (Stangvik kyrkje brann alt i 1783.)
 

Halvglømt og fornya

I mesta 150 år levde historia skjult i bygdene. Men i folkeminnet gjekk ho frå generasjon til generasjon og fekk fargenyansar frå overtru og tradisjon.

I 1923 kom ho inn i lokallitteraturen ved at statsarkivar Anders Todal skreiv artikkelen «Mannbjørnen og Tølløv Foldal i segn og soga» i Årsskrift for Nordmøre Historielag. Han går sterkt imot folket si oppfatning av at ein og same «mannbjørn» hadde teke fem liv. Todal meinte at fleire bjørnar på same tid hadde drepe folk i desse nabobygdene. (Denne påstanden er seinare motbevist av norske og utanlandske fagfolk.)

Året etter (1924) vart avskrift av «Dragsetvisa» trykt i Nordmøre Historielags årsskrift. Den var attfunnen i ei notisbok (datert 1777) på garden Mo i Hemne og innsendt av Per J. Mo: «Dragsetvisa. Mannbjørnen». Her les vi detaljert om da bjørnen drap gjetarjenta på Dragset i Bøfjorden 13. mai 1775.

Truleg var det desse artiklane som inspirerte ungdomslaga i Halsa, Åsskard og Valsøyfjord til å reise «Bjønnastøtta» i 1926. Det var da 150 år sia bjørnen tok sine to siste offer (1776) og sia Mannbjønnen vart skoten, etter det folk meinte.

Så var det stort sett stilt om Mannbjønnen i 50 år. Men ved 200-årsminnet sommaren 1976 framførte teaterlaget Amatøren frå Halsa spelet «Heim frå mannbjørnjakta», som Ingeborg Åsen Vatten hadde skrive. Framføringa skjedde like ved bautaen i Haugaskaret.

Inspirert av dette tok lærar Bernt Bøe tak i historia. For elevane på Bøfjorden skule skreiv han «Spelet om Mannbjørnen» i 1978. Dette tverrfaglege prosjektarbeidet vart framført både på scena (m.a. i 1978 og i utdrag i 2010) og som videoproduksjon, delvis filma på «åsted». Bøe sine fire artiklar i avisa Driva (februar-mars 1979) danna grunnlag for framstillinga i boka «Kring ein fjord» (1980). I Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015 publiserte han den truleg fyldigaste dokumentasjonen om Mannbjønnen før Haukenes kom med sin nettartikkel for NRK like før påske i år.

Viss eg får spalteplass, vil eg seinare skrive eit par artiklar til – om Skyttar-Tølløv, om bautareisinga i 1926, om bjørneforestillingar i folketrua og om det nemnte Haugaskaskar-spelet «Heim frå mannbjørnjakta».