Bauta over John Neergaard
Førstkommande søndag skal det avdukast ein bauta over bondehøvdingen og "formannskaplovas far", John Neergaard i Øre. Det er den gamle bautaen frå 1890 som no er flytta til meir sentral plass.
Gjenavdukinga er ei markering av grunnlovsjubileet i Gjemnes. Det er tippoldebarnet til John Neergaard, som også heiter John Neergaard, som står for gjenavdukinga.
Les meir om programmet for dagen her på Øre kommunes heimesider.
Kanskje det blir rindalingar der på søndag?
Foto: Gjemnes kommune, Olav Nilssen