Picasa

Beatboxing opna Næringslivsdagen 2013

Den 10. Næringslivsdagen arrangert av Surnadal Sparebank opna med Beatboxing frå surnadalsjenta Mari Fiske. Dette viser at Næringslivsdagen som arrangement ikkje tenkjer å stivne i formene, og at den reknar med å ha eit langt liv framom seg. Dette vart følgd opp av presentasjon av elevbedrift ved Øye skole.

 

Aleine på sena stod 14-årige Mari Fiske og sendte sitt lydbilde utover oss. Ikkje noko anna instrument enn munnen, tennene, tunga, leppene og stemmen. Beatboxing. Dette låg det mykje trening bak, og vi får nok høre meir fra henne.

Klikk her og hør eit lite kutt frå framføringa hennar, gled deg på få høre meir seinare!

 

Elevbedrifta Inn på tunet: Bakerst: Marit Ingeborg Bævre, Ida Øvrelid, Linn Beate Haugen og Arian Lervåg.
Fremst: Malin Einmo, Maja Gausen og Sindre Hyldbakk Kvande.

 

Elevbedrifta Inn på tunet er eit prosjekt som Oppistua Øye med Solveig Haglund og Øye skole samarbeider om. Desse elevane bruker garden som ein del av klasserommet. På Næringslivsdagen fekk dei fortelje litt om kva dei hadde drive med og resultatet frå skulehagen. Dermed nøsta dei ut den første grøne tråden denne Næringsdagen.

 

Med dette var den 10.Næringslivsdagen til Surnadal Sparebank opna, "Midt i mulighetene", som banken seier i slagordet sitt. Banksjef Allan Troelsen kunne fortelje at deltakartalet på første Næringslivsdagen var 50, i dag var det rundt 200, og i 2006 var det 240 deltakarar.

Berre tre personar har vore brukt som konferansier, og i år som i fjor var Ove Snuruås konferansier.

Mange lokale aktørar har vore med på foredraglista. Kjell Larsen frå PipeLife står på lista i år, som han gjorde på første konferansen.

Næringslivsdagen ønsker å vere den viktigaste møteplassen i regionen. Ein plass for mingling, kompetansedeling og fornying. Lista over foredragshaldarane var lang og imponerande! Posisjonen skulle vere sikra.