Bedriftsbesøk av Steinar Reiten
Svært interessant å sjå gasellebedrifter med beina på jorda, tykte KrFs andrekandidat til Stortinget, Steinar Reiten, under eit kort besøk i Rindal tirsdag. Han var innom El-Watch, Norsk Kvalitetsmat og Rindal Bygdemuseum, og hadde lunsjpause på 3 Venner.
Fiskekakene hos Norsk Kvalitetsmat, eller Dagens Fangst, som er produktnamnet, ser freistande gode ut!
Kristeleg Folkepartis andrekandidat til Stortinget frå Møre og Romsdal, Steinar Reiten, satsa på å bruke rindalsbesøket til å bli kjent med litt av det som foregår i bygda i staden for å dele ut brosjyrer.
Under beøket hos elektronikkbedrifta El-Watch fekk han grundig gjennomgang av bedriftshistoria, kva dei driv med og litt om framtidsutsiktene av dagleg leia Kjetil Halle. Han møtte ei ung bedrift med ein nokså ny dagleg leiar som entusiastisk presenterte bedrifta si.
Nils Arve Hyldbakk, Steinar Reiten og Kjetil Halle
Same situasjonen møtte han også hos Norsk Kvalitetsmat, stor entusiasme og tru på det dei heldt på med og håp for framtida.
På begge plassane kunne Reiten fortelle bedriftsleiarane at om eit halvt år ville sannsynlegvis formueskatten på arbeidande kapital vere fjerna! Reiten viste stor interesse for bedriftene, og han gav inntrykk av å ha god greie på næringspolitikk. Han er gruppeleiar for KrF i fylkestinget og medlem i fylkesutvalget. I vår møtte han som vara på Stortinget, og da satt han i Næringskomiteen.
Steinar Reiten viser stor glede av å ta på dei siste treskia til Magne Myrmo!
Etter ein koseleg lunsj på 3 Venner, eit lokale han trivdes godt i, var han på Rindal Bygdemuseum og fekk orientering av museumsstyrar Kari-Elin Bolme Løfaldli. Reiten var interesert i alle utstillingane på museet, men det var nok skimuseet rindalingane var mest interessert i å vise fylkespolitikaren. Dette var noko heilt anna enn å lese om skimuseet i tjukke dokument, sa Steinar Reiten etter besøket. Dermed var hensikten oppnådd.
Her er vi nede i møkk-kjellaren til Heggemsfjøset, sa Løfaldli. Det er her den faste ustillinga skal vere, og unde presenningen bak står maskina der dei lima saman treskia. Løfaldli fortel at åpninga av skimuseet bil sommar 2014, og dei er i rute.