Belysning på museet
Einar Oterholm er alltid ein populær kåsør på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Under overskrifta «Frå kulu til ledlys» tek han søndag ettermiddag for seg utviklinga av belysning opp gjennom tidene.
Kåsøren og lektoren frå Halsa illustrerer og demonstrerer alltid sine foredragsemne – noko publikum ser fram til med spenning.
Som vanleg er det kaffe og småsalg i kjøkenluka.
Einar Oterholm – her ved eit tidlegare besøk på museet i Bøfjorden.
Innsendt av Bernt G Bøe
Bøfj.Hist-lag