råner_350x197

Bensinstasjon stengde etter besøk av rånarar frå Surnadal og Rindal

Da rundt 20 rånarbilar frå Surnadal og Rindal slo seg til utanfor Statoil på Oppdal laurdag kveld, våga ikkje bensinstasjonen anna enn å stengje dørene allereie klokka 21. - Det var ungdommar frå Surnadal og Rindal som var på sin årlege tur til Oppdal. Tidlegare har det oppstått bråk ved desse besøka, og leiinga ved Statoil valde difor å stengje stasjonen for å vere i forkant, seier operasjonsleder Leif Berglund ved Sør-Trøndelag politidistrikt til opp.no.

Også det lokale politiet vart tilkalla for å ha oppsikt over situasjonen. - Det ser ut som om desse tiltaka har verka, vi har ikkje ytterlegare loggføring på forholdet, sier Berglund.