CRW_1272_rindal_kirke_550x413

Berre born er bra nok

Det er typisk oss å ville gjera så godt me kan. Uansett om me har med oss som kulturarv at «til lags åt alle kan ingen gjera.» Nokon strever med å gjera Gud til lags i så stor grad at dei endå til kan bli noko ampre for at det ikkje let seg gjera. Me skulle heller vera glad for at det er slik: Me kan bli som born og så kan me arve Guds rike. Det var ikkje meir som skulle til. Preika for Vingardssundag 2.september vart som fylgjer: No med bilde av dåpsbarna

 

 Rindal kyrkje  Vingardssundagen 02.09.12.

Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjeter, seier han då til tenaren når han kjem heim frå marka: ‘Kom no og set deg til bords?’ 

Nei, han vil seia: ‘Lag til kveldsmat, bind opp kjortelen og stå til teneste for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.’ 

Takkar han tenaren for at han gjorde det han var pålagd? 

På same måten er det med dykk: Når de har gjort alt de var pålagde, skal de seia: ‘Vi er unyttige tenarar og har berre gjort det vi var skuldige å gjera.’» 

Luk 17,7-10

Med ein baby i huset, blir huset snudd på hovudet. Ikkje noko blir som det var – foreldre er noko ein er på livstid.

Ganske mange kaller babyen sin for Sjefen. Sjefen vil ikkje sova, altså må mor eller far også vera vakne, gje mat, bera rundt og rundt, trille fram og tilbake til det blir. 

Har sjefen gjort seg ut, må bleia skiftast ganske snart. Då kan ikkje mor seie at nei, eg skal berre sjå ferdig filmen eller far seie at nei, eg skal berre laga middagen ferdig og få servert fyrst. 

Ganske mykje av foreldrerolla går ut på å – om ikkje vera tenar for borna sine – så i alle fall fokusere på at dei små skal ha det bra. Det skulle berre mangle! Utan vår hjelp er dei hjelpelause. 

Seier me foreldre som tenarane i likninga? Når me har gjort det som trengst både ute og inne, er det berre å seie at me er unyttige tenarar og har berre gjort det me var skuldige å gjera.

Ja, eg trur det kan vera slik. Me føler oss unyttige når me ikkje får gjort brøkdelen av det me fekk gjort før, - 

reinhaldet blir plutseleg begrensa til eit minimum, haugen på klesdunk og søppelspann stig, me treng både hjelp og avlastning frå foreldra våre att -  og ein time åleine bak låst dør på badet blir for luksus å rekne. 

Til dykk som har vorte foreldre for fyrste gong er det berre å seie: Det de no føler av utilstrekkelegheit i forhold til den store oppgåva det er å vera foreldre, er berre starten. Har ein ikkje gått på trynet før, så gjer me det når me blir foreldre. Stadig vekk. Me møter oss sjølve og alt vårt av ideal og ambisjonar i døra fort vekk. Det blir ikkje perfekt lulling i bommull og harmoni i heimen til eikvar tid. Så langt derifrå.

Eg vil våge den påstanden at alle foreldre berre er unyttige tenarar som gjer det dei skulda å gjera. Så er det berre å håpe at seinskadene hjå borna våre ikkje blir verre enn at dei er til å leva med - .

Berre unyttige tenarar …. Det blir så lite i forhold til alt me gjer. Og så sant i forhold til korleis me føler oss. Om me så er dåpsforeldre, småbarnsforeldre, besteforeldre, 50-års-konfirmantar, onklar eller eldre damer. 

Plikta vår er å gjera vårt beste ut ifrå dei ressursane me har fått. Plikta vår er å bidra til at verda blir ein betre plass å vera – ikkje berre for oss sjølve og dei som står oss nærast, men for alle. Plikta vår er å tene Gud og kvarandre med iver og kjærleik.

Gjorde me det? Om så ikkje var tilfelle, får me så leggja vegen til Gud og kvarandre og stå ved det. 

Noko av det fyrste me må lære som foreldre, er å be borna våre om unskyldning. Me må lære å vera audmjuk og sjå sanninga om oss sjølve i augo. Så er det å inrømme feil, då. Og be om unskyldning. Og gjera vårt for at det skal bli bra att. 

Nokon foreldre treng eit heilt liv på å lære seg å be om unskyldning. Nokon lærer det aldri. Og eg vil påstå: Den som ikkje kan be om unskyldning, går glipp av noko stort som ligg i dette å bli vener att, dette å bli forsona og byrja på nytt.

Dette med ansvar er veldig oppe i tida no – som det skal vera. VG gjer sitt for å stramme klaven om den ansvarlege som til eikvar tid er i gapestokken. Men det hjelper så lite. Orda talar sitt om forklaring og bortforklaring, om å bera ansvar og fråskrive seg ansvar. Det blir like udelikat som gamal, attgløymt kaffi på hyttekjelen.

Slik vil vel ikkje me ha det. Det finst ein annan veg: At me gjer så godt me kan både for oss sjølve og dei som står oss nærast, for lokalsamfunn og storsamfunn. Så er det berre å stå ved at resultatet ikkje alltid står i forhold til ambisjonane, inrømme og be om unskyldning.

Slik er det også i Guds rike. Foreldre og fadderar og heile kyrkjelyden med hat fått del i eit heilagt ansvar i dag. Me skal be for Edin og Lucas, lære dei sjølve å be, lære dei å bruke Guds ord og nattverden – for at dei skal kunne bli hjå Kristus når dei veks opp, når dei blir ungdommar, foreldre, besteforeldre og 50-års-konfirmantar.

Kvar står me: Me står ganske likt. Skal me ha noko i Guds rike å gjera, må me bli som born, seier Jesus. 

Borna kan det: Dei ser kvar det er godt å vera, og så blir dei der. Så er det vårt ynskje og vår bøn at alle som er her i dag ser at det er godt å vera her – at de høyrer heime i Guds hus og fellesskapet av benåda syndarar og unnasluntrarar. Så vidt eg veit, er det ingen av oss som blir betre menneske av å nekte for at me treng tilgivelse og nåde.

 

 

Rindal kyrkje 02.09.12

 

379 – For solglans over land og hav

093 – Det skjer et under i verden

706, 1-5  Til kjærleik Gud oss skapte

 

706, 6-8

710 – Vi rekker våre hender frem (nattverdsalme)

715 – Himmelske Far, du har skapt oss

  

Kunngjøringer:

Dåpsbarna er Edin Østbø Karlstrøm og Lucas Solberg Røen.

Fint at 50-års-konfirmantene er her …. De skal være Menighetsrådets gjester på Bedehuset etter gudstjenesten. Men vent med å gå til dere er fotografert. Etter gudstjenesten blir det først fotografering av dåpsbarn, deretter 65-åringene.

Takkoffer til Menighetsarbeidet etter forbønnen.

Neste gudstjeneste i Rindal: Eldresenteret søndag 9/9 kl.11 og Øvre Rindal kapell kl. 19.30. 

Nattverd i dag.

 

Lucas Solberg Røen med foreldre og fadrar

Edin Østbø Karlstrøm med foreldre og fadrar

Foto: Anne Skjølsvold