
Berre ein sau
6165 var heimkomen frå fjellet med dei to lamma sine i god behald. Men her ein morgon
fann vi henne daud. Ho hadde sett seg fast i nettingutgarden og strøypt seg.
Av ein eller annan grunn kjem ikkje sauene på å rygge når dei set fast hovudet i eit gjerde. Dei berre presser på framover, og det går sjeldan bra om dei ikkje blir oppdaga og befridd i tide. I slike høve er kanskje utsegna "dum som ein sau" fortent.
Ofte i slike tilfelle kan årsaken vere gammal og dårleg utgard. Det var ikkje tilfelle her, heller ikkje at graset var grønare på andre sida av gjerdet, - det var heller tvert om. Så kva grunnen var til at ho skulle stikke hovudet inn akkurat der, får vi aldri svar på.
Og da det vart oppdaga, var det for seint, men ikkje mykje for seint, for ho var enda varm.
- Og så ber det til å klandre seg sjølv: Enn om eg hadde vore ute ein time, eller kanskje berre ein halvtime før? Da hadde ho vore berga!
Men ho fekk da ei grav i det minste, om ikkje noko minnesmerke, og slapp å bli mat for korp og kråke.
Og så går livet vidare både for folk og fe, og ein får trøyste seg sjølv. så godt ein kan.
- Det var da berre ein sau, eller....
Anne S.

.png)

