
Bestått fagprøve
Mads Jøran Røen (21) har dei siste to vekene førebudd seg på fagprøve i automatiseringsfaget på Surnadal vidaregåande skole. Tysdag 27.november var dagen da Mads Jøran skulle presentere oppgåva si for sensorane frå Kristiansund.
Dei var strålande fornøgde, så no kan Røen smykke seg med tittelen "Automatiker". Mads Jøran er den første eleven som består denne fagprøven på Surnadal vidaregåande skole. Vi gratulerer!
- Det betyr mykje å få fagbrevet. Eg har fast arbeid på Vaagland båtbyggeri, men dette gjer at eg kan kome lengre og få fleire moglegheiter på arbeidsplassen min. Eg er veldig glad og letta no, for eg må innrømme at eg har kvidd meg på dette i mange år, seier Røen. - Sjølve oppgåva var ikkje så vanskeleg. Det verste var alle spørsmåla frå sensorane etterpå. Eg skjelv fortsatt i beina, smiler ein lykkeleg og nybakt automatiker.
Surnadal vidaregåande skole er medlemmar av Trollheimsporten