legesenter Surnadal_550x365

Bestill legetime via sms

Visste du at du kan bestille legetime på internett eller på SMS? Surnadal legesenter tilbyr no desse tenestane. På legesenteret si heimeside kan du enkelt gå inn å bestille time, eller du kan altså sende ein SMS.

 

Bestill legetime via internett her

Du kan også bestille time via SMS. Slik gjer du: Send SURNADAL + fødselsdato, namnet ditt og grad av hast til 2097.

F.eks. SURNADAL 030562 Kari Normann Treng time for konsultasjon.

Det kostar kr. 6,- per mottatt melding. Normalt to meldingar - bekrefting og timeavtale. (Unngå sensitiv informasjon).

PS. Tenesta kan ikkje nyttast om ein har reservert seg mot kortnummer.

Sjå meir informasjon på Surnadal legesenter si heimeside.