
Lesarinnlegg ved Bernt Bøe
Betenkeleg skulehastverk
Sjøl om flyttinga av Bøfjord-elevane til Bæverfjorden uttrykkeleg var midlertidig, ser vi etter nokre veker at oppvekststyret ved leiar Oddny Hoem har enormt hastverk med permanent nedlegging av Bøfjorden skule. Dette er ikkje til å tru. Vi skulle forvente større ro, og full redeleghet, i ei sak med konsekvensar langt ut over denne etaten sitt mandatområde. Det skriv Bernt G. Bøe i dette lesarinnlegget:
Bøfjord skule på bedriftsbesøk, - i gangavstand frå skulen
Betenkeleg skulehastverk
* Politiske parti i Surnadal har lova at skulestrukturen skal bestå i inneverande valperiode. Er slike lovnader rein bløff?
* Det var uttrykkeleg lova å bruke inneverande skuleår til å få på plass rektor og lærarkrefter i Bøfjorden til ny oppstart i august 2013. Går det an å stikke av frå denne forpliktelsen? Korleis kan oppvekstetaten starte ein nedleggingsprosess alt no?
* Påstanden om «dårleg læringsmiljø» må etterprøvast. Som tilsett ved Bøfjord-skulen i 30 år pluss vikarteneste også i den aktuelle perioden har eg mange tankar og ein del kunnskap om dette. Beskrivelsen av problem i eit tidsrom med heilt spesielle forhold (som ein av personomsyn ikkje kan gå inn på), må ikkje få henge ved skulen og bygda som ei evig stigmatisering! Har råda og foreldra med sin kunnskap om dei verkelege forholda vorte korrekt involvert i denne vurderinga?
* Elevtalet i Bøfjorden aukar og kan snart passere naboskulen. Slik kunne ein like gjerne legge ned Bøverfjord-skulen. Kva nye perspektiv ser ein i desse optimistiske fakta?
* Det er i følgje avisene lite eller ingenting å spare på nedlegging. Dette tilseier også at ein brukar tid og ro på saka.
* Leiaren i oppvekstutvalet argumenterer (m.a i Driva/nett 19.11) med påstand «veldig bra miljø» i Bøverfjord i år. Er det altså i løpet av nokre veker alt gjort formelle undersøkjingar der foreldra og elevane er bedne om uttale? Og da i høve skulestrukturen - slik at det kunne brukast i politisk argumentasjon? Kjære politikarar med ansvar for redeleghet: Dette mildt sagt sjokkerande!
* Ettersom elev- og foreldresamtalar er konfidensielle (noko oppvekstetaten sjølsagt veit), står dette kun som privat synsing. På kva grunnlag? At elevane har det bra på skulen, uansett kvar den ligg, skulle da berre mangle! Dette har ingen ting i politikken å gjera!
* Oppvekstleiaren har fått «signal om flytting av elevar frå Bøfjorden til Øye neste år». (Driva/nett 19.11). Igjen ein udokumentert påstand. Vil ein ha heimane sitt syn som argumet, må ein undersøkje dette korrekt. Og da vil ein nok i Bøfjorden få solid fleirtal for det motsette av det oppvekstleiaren ønskjer.
* «Det beste for elevane» er ein elegant floskel som politikarar ofte slår om seg med utan pedagogisk innsikt og kunnskap. Det er og blir foreldra som har grunnleggjande myndighet i oppdraging og oppseding av sine barn – og som utan tvil veit og vil deira beste!
* Foreldre i Bøfjorden har stått kreativt på med nye og gode idear om framtidig skule i bygda si. Men dei opplever det urimelege i at slike framtidsretta idear ikkje eingong blir seriøst vurderte før etatleiinga går ut og proklamerer nedlegging.
* Fleire unge barnefamiliar ønskjer no å etablere seg i Bøfjorden. Dette er ei gledeleg utvikling i tråd med kommunen si satsing – endatil utanlands – for å trekke folk. Er det da meining i å «premiere» desse med å ta bort nærskulen, den kanskje viktigaste institusjonen for eit godt og attraktivt miljø?
* Oppvekstetaten har formelt ansvar for ein begrensa del av livet i kommunen. Samfunnet er derimot ein heilskap der også næringsliv, busetnad, kultur, friluftsliv og ikkje minst trivsel hører med. Det er viktig at vedtak i éin etat ikkje slår beina unna det andre prøvar å styrke. Difor kan ikkje politikken snevre inn debatten til å gjelde berre ein smal sektor! Og særleg ikkje la den bli styrt av prestisjeprega privatoppfatningar som verken byggjer på kompetanse eller formell ordentleghet.
Med håp om at våre folkevalde no set seg inn i alle sider av ei sak med store konsekvensar!
Bernt G. Bøe