Surnadal kommunehus 2

Surnadal kommune med 4,9 millionar i pluss

Betre resultat enn forventa

Innan 15. februar må kommunane rapportere inn sine foreløpige rekneskapstal for året før, og Surnadal kommune kan legge fram eit netto driftsresultat på 4,9 mill. kroner for 2015. Overskotet utgjer ca 1 % av sum driftsinntekter. Resultatet er ei betydeleg betring samanlikna med den prognosen som vart lagt fram etter 2. tertial 2015. 


Årsaken til den positive utviklinga i driftsresultatet mot slutten av året, er først og fremst at pensjonskostnaden vart fleire millionar lågare enn det som KLP la til grunn i prognosane sine for 2015. Men det er også grunn til å nemne at både flyktningetilskot og skatteinntektene vart langt høgare enn det ein kunne forvente i fjor haust. Samla sett har Surnadal kommune driftsinntekter på 499,8 mill. kroner i 2015. 

Rådmann og økonomisjef vil påpeike at einingane har hatt svært god økonomistyring i tråd med siste budsjettreguleringa for 2015, som gjer at sum driftskostnader i einingane sine rekneskap balanserer ganske så nøyaktig med budsjettet. Det er all grunn til å rose einingsleiarane og dei andre tilsette for god jobb her.

Med dette positive resultatet vil ein igjen kunne fylle på disposisjonsfondet, noko som er svært gledeleg i ein krevande driftssituasjon framover i tid. Når det endelege årsrekneskapet kjem til kommunestyret i mai, er det all grunn til å tru at rådmannen vil tilrå at overskotet blir lagt til disposisjonsfondet, slik at fondet får ein netto vekst i 2015 tilsvarande overskotet på 4,9 mill.  
 

- Dette rekneskapet blir rapportert til SSB måndag 15. februar, og deretter blir tala framlagt for revisjon. Dermed kan det bli endringar, men så langt unna dei endelege tala er vi forhåpentlegvis ikkje, seier rådmann Knut Haugen.