Bidrag til dialektsida
Eg er ein utflytta rindaling som ikkje har hatt fast adresse i Rindal på over femti år. Men, eg er så heldig at eg har hytte på heimplassen min som er Liset i Møkkelgardsgrenda i Lomunddalen. Dermed har eg fått mulegheit til å halde litt kontakt med heimtraktene mine.
Eg fekk eit tips frå min gode e-postvenn og slektning Åsmund Opøyen, om at eg måtte få med meg dialektsida i Trollheimsporten. (Pluss en gåte og innkomne forslag til svar)
Eg er ikkje dagleg innom der, eg må tilstå det. Men no har eg lesi meg opp på det som har stått der. Åsmund hadde rett: Der var mykje interessant, og der er og ein del ord som var ukjente for meg. Eg innbiller meg det kan kome av at det er skilnad på enkelte ord i øverbygda og nerbygda. Det går eit språkskilje om lag ved Holtbrua, trur eg. Ovafor brua har ein ord og ikkje minst uttale som er annsleis. Mest typisk er at vi ikkje har stj-lyden i ord som byrjar med sk som i regla: Skjora skjæt på skjorta mi i eldhusskjela på Skei!
Eg har og samla ei liste med ord og uttrykk.(Link til doc. nederst på siden) Inspirasjon til lista fekk eg av dotra hans Åsmund, Ingfrid Opøyen. Ho har vori ein ivrig samlar av rindalsord, og hu burde ha presentert dei ho har på denne sida hos dykk. Eg tillet meg å sende dykk lista mi, og eg har prøvd å skrive orda med lydmålande bokstavar. Kor vellykka det er, veit eg ikkje. No skal vi ikkje tru at alle orda i denne lista og i dei andre listene som har vorti presenterte er originale rindalsord. Mange finst i fleire bygdelag, også her i Malvik der eg til vanleg held hus.
Kanskje eg kan nemne at i årsskriftet 2007 for heimbygdlaget, heilt til slutt i artikkelen om Ungdomslaget Lomunda, er det tatt med ein liten epistel som eksempel på rindalsdialekta på tretti-talet.
Eg har og lyst til å kommentere noko av det som har stått på dialektsida:
1) I lista til Morten Svinsås, den 27.1. har han med ordet lonfengt Det var artig å bli mint på det ordet. Det er eit fint ord!. Eg har gått og smatta på det og kosa meg med det eit par dagar. Dersom de i redaksjonen skulle ha kåra f eks månadens ord, så tykkjer eg dette kjem høgt, ja.
2) Den 1.2. blir det presentert namn på fuglar, dyr og planter, blant dei vekkarre. (Eg er ikkje stø på korleis ordet skal skrivast) Fekk lyst til å peike på at Ingebrikt Røen skriv om vekkarin i andre verset i Rørdalsvisa. Der heiter det:
Litt krekling fanst på raddå, der det va tørt å bratt. Vekkarin satt på gaddå å hogd så føsken datt.
3) Ragnhild Stavne Bolme kjem med eit ordtak etter Gunnar Børset: Det e flær dåggå auster. Eg har ein lokal variant som eg høyrde for snart seksti år sidan. Viss eg ikkje tek i miss så var det Alfred Skarset (Elshaug) som kom med visdomsordet. Vi heldt på med eit arbeid som vi hadde lyst til å bli ferdige med, men Alfred tykte vi stressa i meste laget, så han sa: Nei, no må dåkk slutt, det e da flær dåggå austa Garbergsfjellet. Det tykte eg var godt sagt, og eg har prøvd å halde det i hevd!
4) Til slutt ei gåte: Kva e det som e ytest på havet?
Svar fra Gunnar Bureid: Ytest på havet er/(heng) gryta.
Svar fra Anne Skjølvold: Det er h-en og t-en som er ytest på havet.
Svar fra Ragnhild S. Bolme: Bøttknappen.
Svar fra Gunnar Bureid: Ytest på havet er/(heng) gryta.
Svar fra Anne Skjølvold: Det er h-en og t-en som er ytest på havet.
Svar fra Ragnhild S. Bolme: Bøttknappen.
Vennleg helsing
Joralf Halgunset
| ORDLISTE - Rindalsord, Joralf Halgunset.doc |

.png)

