politi[1]_350x234

Bil på taket i Surnadal

Klokka 1721 i ettermiddag fekk politiet melding om trafikkuhell i Surnadal. Ein bil fekk sleng i Høgskulebakken og hamna på taket på tvers over gangfeltet da den skulle køyre frå Skei i retning Øye. Føraren, ei ung kvinne, vart teken hand om av ambulansepersonell, men kom tilsynelatande uskadd frå uhellet. Det var ikkje folk i gangfeltet da trafikkulukka skjedde.