Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Rindal kirke

Preike ved Lene Gåsvatn 12. januar

Bindeleddet i Jordanelva

Jenta frå Nord-Trøndelag er vorte vaksen og bur i Nord-Amerika. Lengtar ho mykje heim, kan ho ta turen til havet. Ho legg hendene uti og veit at Atlanterhavet bind henne saman med heimbygda. Me har alle fått tilgang på det som blir kalla for nådekjelder. Dei kan vera bindeledd mellom oss og Gud på same viset. Blant anna fordi Jesus sprengjer våre livsbetingelsar og let seg døype, jfr. preika i Øvre Rindal kapell i dag, 12. januar.

Matt 3,13-17: Da kom Jesus fra Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døpt av ham. Men Johannes ville hindre ham og sa: «Jeg trenger å bli døpt av deg, og så kommer du til meg?»

Jesus svarte: «La det nå skje! Dette må vi gjøre for å oppfylle all rettferdighet.»

Da lot Johannes det skje. Da Jesus var blitt døpt, steg han straks opp av vannet. Og se, himmelen åpnet seg, og han så Guds Ånd komme ned over seg som en due. Og det lød en røst fra himmelen: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede.»

Paulus skjønar ganske mykje når han i sitt andre Korintarbrev kan skrive slik om Jesus:

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. 2.Kor.5,21. Kva gjer me med den slags? Og ikkje mindre: Kva gjer den slags med oss?

Det hardaste anstøtet når det gjeld evangeliet om Jesus, er ikkje jomfrufødselen. Ei heller døden på korset og oppstandelsen. Himmelfarten er også ganske så fattbar. Eller: Ja, dette er greitt nok.

Men når det blir spørsmål om kvifor, blir det vanskelegare. Då blir det plutseleg personleg, noko som angår oss alle. Me kan like det eller mislike det: Jesus kom, levde, døydde og stod opp att på grunn av oss. Han kom, levde, døydde og stod opp att for å bøte for det me har av skuld. Det var verre! Skal Jesus sone for mi skuld, så betyr det altså at eg har skuld …

Javel, greitt. Eg har skuld. Eg har synda med tankar, ord og gjerningar – men kjenner eg så mykje til den onde lyst i mitt hjarte? Nei, det gjer eg ikkje. Og i den grad eg kjenner den onde lyst i mitt hjarte, så er det ikkje verre enn at eg kan hanskast med det. Her er me midt i anstøtet, her er me midt i det som vekkjer tross og vantru:

Eg er eit syndig menneske. Eg har lite og ingenting å bestille overfor ein heilag Gud. Eg treng hjelp – ikkje berre med den synda eg er meg bevisst, men med heile meg. Vil eg ha den hjelpa eg treng? Og eg hadde nær sagt: Kva er alternativet?

Det er ikkje sikkert det er så skummelt å inrømme at me treng hjelp. Det er ikkje sikkert det er så farleg å be om nåde – ikkje berer for moralske brist og feilsteg, men for alt. Når Jesus blir døypt av Johannes, går han inn i rolla si for fulle. Eller var det vår?

I Johannes` dåp av Jesus, er Jesu rolle og vår rolle to sider av same sak. Jesus går inn under våre vilkår og let seg døype og dukke. Jesus går inn under våre vilkår som om han var ein av oss. Som han er meg.

Jesus har ingen skuld. Han har ingen synd å bekjenne, korkje kva tankar, ord eller gjerningar angår. Ikkje har han nokon vondt lyst i hjarte å slite med, heller. Og dermed er Jesus kompetent. Han er det einaste menneske så langt som har vore kompetent og kvalifisert for Guds rike. Han kunne gjerne halde seg der, men då hadde me gått dukken.

For så høgt har Gud elska verda at han lot det skje: Jesus kjem til verda for å gje oss det me ikkje kunne få til sjølve. Fordi Gud elskar oss for høgt til å lata oss gå dukken. Men Jesus let seg dukke i Jordan. Han insisterer på det: Lat det skje! Lat meg bli dukka i dette vaskevatnet, så det blir heilagt! Og heilagt er det enno, - det er endå til eit sakrament: Dåpen som gåve, døypefatet som arena for å leggja av seg gamlelivet og ta på seg det nye.

Eg kjenner ei dame som er veldig knytta til bygda ho vaks opp i ved Trondheimsfjorden, sjølv om ho bur i Amerika. For henne er havet vorte så viktig. Ho fèr ned til vasskanten, legg handa uti og både trur og veit at Ja, dette er same vatnet som i Trondheimsfjorden. Atlanterhavet bind henne til fjæresteinane heime.

På same måte er sakramenta vår forankring i det himmelske. Gudsord og døypevatn, brød og vin er nådekjelder som me kan ta til oss av, bruke, leva i og døy i. Fordi han som ikkje visste av synd gjekk inn i vilkåra til oss som er elska.