Biomangfaldåret
For eit par dagar sida hadde vi eit innslag om ei "Grashoppe med glimt i øyet". Sidan vi er inne i Biomangfaldåret har ein lesar sendt ein kommentar til dette.
Sidan vi er inne i "Biomangfaldåret", har eg og ein kommentar til
"Grashoppe med glimt i øyet". Den gjeld insektet på Kreta, som nok ikkje
er ein siriss, men ein sikade. Det er vanleg å rekna sirissane og
grashoppene i same gruppe: rettvengjer. Alt etter kva familie dei høyrer
til, lagar dei lyden på ulikt vis. Det kan vera å stryka innsida av låret
mot kanten av framvengjen, eller ved raske gnidingar av framvengjene der
det ved rota er kitinribber som blir strokne mot kvarandre over ei hinne
som gir resonans. Eg har ikkje noko godt framlegg til kva grashoppeart som
er på biletet i "Trollheimsporten".
Sikadane høyrer til i ordenen nebbmunnar. Hjå sikadane blir lyden laga av
eit organ på kvar side av bakkroppen. Det er berre hannane som lagar lyd.
Eit døme på at folk kunne biologi før i tida og, er Xenarchos frå Rhodos.
For eit par tusen år sidan sa han dette: "Lykkelege er sikadane, for
kvinnene deira er stumme."
Mvh
Leif Ragnar Fiske

.png)