
Bjørn Kjos til Surnadal

I fjor var gründer og investor Ola Mæle og veterinær Trude Mostue blant foredragshaldarane, og tidlegare år har mellom andre Anne Kathrine Slungård, Jens P. Heyerdahl d.y. og Per-Kristian Foss gjesta Surnadal Sparebank sin Næringslivsdag.
Første namn til arrangementet 18. januar er no offentleggjort, og det er altså administrerande direktør i flyselskapet Norwegian, Bjørn Kjos.
Kjos (64) er jurist, flygar og næringslivsleiar. Han var med da Norwegian vart etablert i 1993, og har vore administrerande direktør sidan 2002. Han har bygd opp Norwegian Air Shuttle til å bli hovedkonkurrenten til SAS i Norden, ein posisjon Norwegian inntok etter få års konkurranse.
Bladet Kapital vurderte Kjos si formue i 2006 til 545 millionar kroner, opp frå 260 millionar kroner i 2005. Nettavisen e24 vurderte aksjeformuen til Kjos i oktober 2007 til over ein milliard kroner.

.png)

