Bjorn2010_2_250x152

Bjørnen over fjellet

Frå Gudmund Kårvatn har todalen.no fått opplysningar som tyder på at bjørnen har passert kommunegrensa og er komen over til Sunndal eller Oppdal.

Det er observert bjørnespor ved Meskaret som ser ut til å kome frå Innerdalen. Spora gikk nedover lia mot Meskardvatnet og vidare mot Bjønnhjellan og Ottdalen. Så da tyder det på at bjørnevisitten i Todalen er over for denne gongen.

Bjørnen som bokstaveleg talt har sett spor etter seg i Rindal og mange delar av Surnadal den siste tida, var onsdag i forrige veke i Todalen. Der vart det fotografert bjørnespor på Hjellnes, etter at det i dagane før vart sett spor mellom anna på Eidet og ved alpinanlegget ved Grytåfeltet - i tillegg til at bjørnen vart observert på Flessastranda og i Bøfjorden samt fotografert på Rindalsskogen.

Mest truleg er det snakk om ein ung hannbjørn som har streifa på leiting etter make.