received_10210164232327551

"Blåbærturen" i Bøfjorden barnehage

I Bøfjorden barnehage er det tradisjon med ei lita forestilling for foreldre, besteforeldre og oldeforeldre om våren. I år har ungana øva inn ei dramatisering av "Blåbærturen". Store og små har hatt det artig med øvingane, og dei hausta stor applaus under forestillinga. 

Elin Merete H Bøklep fortel at det har vorte halvveis tradisjon i barnehagen å ha ei lita dramatisering til våren. I år hadde dei valgt å dramatisere "Blåbærturen", og alle frå 1 til 5 år var med.

"Kan vi få øve no?" har vore eit vanleg spørsmål i barnehagen i fleire dagar.

- Det har vore så artig for både små og store, fortel Elin Merete H Bøklep. - Alle har teke si rolle med storm. Til og med dei aller yngste statistane, "blåbæra", har vist stor glede ved å få være med og kjenne takt og høyre tone, og ikkje minst få sjå på dei eldre i deira roller. Ungane fekk stor applaus frå foreldre, besteforeldre og oldeforeldre då "Blåbærturen" tona ut i høgtalaren.

Her nokre bilete frå før og under forestillinga:

received_10155184593270781.jpg

received_10155184605835781.jpg

received_10210164228767462.jpg

received_10210164280808763.jpg

received_10210164282328801.jpg

20170615_093024.jpg

20170615_093347.jpg

20170619_145915.jpg

received_10210164330690010.jpg

received_10210164332010043.jpg

received_10210164333490080.jpg

 

Foto: Bøfjorden barnehage/Elin Merete H Bøklep