Picasa

Blåfjellet og Saksen

Blåfjellet og Saksen

 

Det er gledeleg med namnesaka som no kan føre til rett bruk av namnet Blåfjellet og fjerning av det misforståtte «Saksa».

 

Det ytste fjellet i Bøfjorden, på grensa mot Halsa, har av folket i desse bygdene til alle tider vore kalla Blåfjellet. (Blant settemsdalingar har forma «Ytter Blåfjellet» delvis vore bruka, fordi det også finst eit «Blåfjell» like nord for Settemsdalen.)

 

I tillegg til eigen personleg kunnskap om lokale stadnamn, nedarva gjennom generasjonar, har kulturhistorisk interesserte og kompetente personar både i Bøfjorden og Halsa sjekka kva bygdefolk kallar det aktuelle fjellet. Både blant eldre, tradisjonsberande personar og  blant yngre er svaret heilt eintydig: Det heiter Blåfjellet!

 

Idrettslaga i Halsa og Bøfjorden har i mange tiår arrangert «Blåfjelløpet» i dette området.

 

Det er ei gåte at offisielle kart brukar namnet «Saksa». Like eins at private utan nødvendig lokalkunnskap har sett opp skilt med den forma.

 

Namnet Saksen (hankjønn, uttala «Saksin») blir bruka om eit strandområde nede ved sjøen og om ein plass (bustad) like attmed.  Sjøfarande har dessutan alltid bruka namnet Saksen om fyrlykta som står der. Området ligg mellom Kvalnesvika og Halsanausta.

 

Den berømte båtbyggjaren Ola «Sakså» var frå plassen Saksen. Dativforma «Sakså» viser tydeleg at vi har med eit hankjønnsord å gjera. Forma «Saksa» (hokjønn) blir feil også på dette grunnlaget. (Ein er freista til å tru at kart-folk utan lokalkunnskap og utan forståing for dialekt og dativ-bøying kan ha trudd at «Sakså» var eit hokjønnsord.)

 

Tilreisande turgåarar og andre ikkje lokalkjende som brukar kart der fjellet er kalla «Saksa», vil naturleg nok ta dette namnet i bruk. Det same vil kunne skje med yngre som veks opp etter kvart.

 

Det er difor på høg tid at det feilaktige fjellnamnet blir fjerna frå alle kart og frå all informasjon og at det korrekte  namnet Blåfjellet blir bruka i alle samanhengar.

 

I tillegg må ein syte for at namnet Saksen (i hankjønn) blir plassert nede ved sjøen der det hører til.

 

Bernt Gudrunson Bøe

- fødd i Bøfjorden og fastbuande der i over 60 år


0 Blåfjellet sett frå Bølia.jpg

Blåfjellet, her sett frå Bølia, ragar 902 meter over havet.  Saksen skjuler seg bak neset ytst til venstre.


0 Saksen A sett frå Halsaferja.jpg

Frå Halsa-ferja ser du både plassen Saksen, der den legendariske båtbyggjaren Ola «Sakså» budde,
og fyrlykta med same namnet. Alt nede ved sjøen!



0 Saksen B  FYRLYKTA.jpg
Saksen. Her er neset med fyrlykta sett frå sørsida.