Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 

Blått for blues i Stangvik

På plakaten stod det to mann, Iver Kleive og Knut Reiersrud, men det var nok fleire i kulissene, både lysmann og ikkje minst lydmannen gjorde ein strålande jobb og var viktig for heilskapen, samkjøringa og balansen av lyden frå gitarar og orgel.

I det heiletatt, ein god del elektronikk! Og det var 5 gitarar og mange kassar med utstyr å pakke ut, - og saman, og da reknar vi ikkje med orgelet!

IMGP5033.JPG
Bluesfaga orgel!
IMGP5032.JPG

Konserten opna meditativt med ein kombinasjon av den norske folketonen For Guds folk er hvilen tilbake og Bill Withers' Grandma's Hands med glidande overgang til Louis Armstrongs What A Wonderful World.

IMGP5037[1].JPG

Vidare kom godbitane tett, noko publikum kvitterte for med kraftig applaus!

- Så god applaus pleier vi ikke å får før etter klokken 20.00 på kvelden, kvitterte Reiersrud med.

IMGP5065.JPG
Det blir lys over bluesen når du kortar strengene!

Det gamle pausesignalet til NRK lyder frå gitaren. Ein stor del av publikum kjente det nok igjen og var vakse opp med det, likt med Knut Reiersrud. Vi fekk ein halling med pausesignalet som utgangspunkt. Fingernemt nummer og god ørevarme, og mesta ingen fot var i ro!

IMGP5054.JPG

Gitarskifte, over til ein lett tysk modell, og vi fekk melodien Hestleitaren med overgang til ein mesta 10 minutt lang orgelfantasi etter Johan Sebastian Bach -

- sidan det er så bra orgel her, sa Reiersrud.

Det er fantastisk mange lydar det går an å få fram frå ein gitar og litt utstyr! Vi fekk høre både kyrkjeklokker og fuglesong. Musikalsk samansett gav det oss både den amerikanske blueslåta Ain’t no grave can hold my body down og gospelsongen He’s got the whole world in his hand med sterk støtte frå orgelet.

IMGP5055.JPG
Det var ikkje berre beina til publikum som rørte seg!

IMGP5071.JPG
Applausen var så kraftig at Reiersrud vart forseinka med stemminga -

Reiersrud hadde lima lyddelen av boka «Fuglesang» på gitaren, og der leita han fram Måltrosten (nr. 112 i utgåva til underteikna). Etter ei ornitologisk orientering om si erfaring både med den svenske fuglen smørgås, rugekasse for rødspette og grå stær, fekk vi av framført den kjente vårsongen Lille måltrost, lille måltrost med innlagte lokale vers både om glade konsertgjengarar og Sanners lyst til å slå saman små kommunar.

Jesus, din søte forening å smake vart gjennomført med glimrande, følsomt samspel/samtale tross i avstanden mellom musikarane. Her var det både vart og mjukt, og frydefullt sterkt, spekka med ulike improviserte lydeffektar.

Slik heldt det fram i Jesus du er den himmelveg. Dei aller djupaste tonane der var heller vanskelege å assosiere med «himmelveg». Da var det betre med fuglesongen.

Om Iver Kleives Toccata over Store Gud, vi lover deg seier vi berre: Himmelsk majestetisk!

Ny gitar vart teken fram, av dei 5 som Reiersrud hadde, og vi fekk O bli hos meg i tett samspel.

Siste nummer før ekstranummer var oppdalsmelodien til Overmåde fullt av nåde, smellavslutning bokstaveleg tala, av konserten! Fyldig improvisasjon både frå orgel og gitar, og begge førte melodien etter tur.

IMGP5079.JPG
Publikum applauderte mot galleriet der Iver Kleive fornøyd tok imot!

IMGP5081.JPG

IMGP5087.JPG

Etter ekstranummeret Velt alle dine veie, var ein strålande konsert avslutta med desse to briljante kunstnarane over. Den store forsamlinga gav ståande applaus og var vel nøgde med denne innestunda, sjølv om veret absolutt iviterte til uteliv.

Mange nytta høvet til å kjøpe seg signerte CD-ar på veg ut. Verre gjekk det nok med salget av den feilkjøpte komfyren, barnesyklane og Rolexklokkene Reiersrud etterlyste kjøparar til for å ha noko å leve av framover.

Stilstudiar av Knut Reiersrud:

IMGP5045.JPG

IMGP5048.JPG

IMGP5056-001.JPG

IMGP5063.JPG

IMGP5065.JPG

IMGP5067.JPG

IMGP5069.JPG

IMGP5073.JPG