batteri - bandbilde_350x233

Blant dei mest populære platene i 2010

Surnadal-gruppa Batteri sin debut-CD vart ei av dei mest populære platene i Trøndelag i 2010. På Trøndertoppen sin årsstatistikk over dei mest selde CD-ane, er Batteri på ein solid 22.plass - over artistar som Karpe Diem, Tre Små Kinesere, Robert Plant, Iron Maiden, Madrugada og Chand Torsvik.

Adresseavisen si liste Trøndertoppen viser kvar veke dei mest selde plateutgjevingane i Trøndelag. Da ungdomane Hans Olav Settem, Sondre Skogseth, Oddbjørn Sponås, Stein Boge og Brage Kristian Einum i Batteri ga ut debuten "Batteri" i mars 2010, gikk CD-en til topps på Trøndertoppen - i tillegg til at den også i ein periode var det tiande mest populære norske albumet på VG-lista.

På den nyleg offentleggjorte årsstatistikken for Trøndertoppen får altså Batteri ein 22.plass totalt på lista over dei mest populære platene i 2010. Ser ein berre på norske utgjevingar, er kvartetten frå Surnadal på 14.plass. Ifølgje lista har Batteri-CtD-en dermed selt betre enn mellom andre Karpe Diem ("Aldri solgt en løgn"), Tre Små Kinesere ("Kjærlighet på tunga"), Robert Plant ("Band of Joy"), Madrugada ("The Best Of"), Iron Maiden ("The Final Frontier") og Chand Torsvik ("Kongeriket Norge").

Mest selde CD i Trøndelag i 2010 var "Leite etter lykka" med Hellbillies, med Knutsen og Ludvigsen-samlinga "Dum og deilig" på andreplass og Eminem med "Recovery" på tredjeplass.